Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrevernere og matvarekjeder

Driftsform: Innsendaren trur etterspørselen etter "miljøegg" vil auke. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Nationen har prisverdig teke opp denne samrøra som har utvikla seg til å verta ein liten "gaukunge" i norsk landbruk. Uvitenhet og idealisme saman med rå matmakt, synest vera totalt vaksinerte mot udiskutable fakta i debatten. Seinast kommentert i Nationen 10.april av Hilde Lysengren Havro: "Matmakta i hønsegarden" på ein glimrande måte.

I same avisa har dyrevernalliansen eit tilsvar til mitt innlegg 3.april "Uvitenheten er lykkelig". Tilsvaret beskriv i kjente ordelag først og fremst kor "ulykkelig" høna er idag. Og bringer lite nytt inn i debatten. Men om samarbeidet med "matmakta" skriv dei: "Når Rema 1000 og NorgesGruppen nå har fattet vedtak om å slutte å selge buregg etter råd fra Dyrevernalliansen, blir andelen høner i bur redusert betraktelig. Å få slutt på høner i bur er et enormt steg i riktig retning for høners dyrevelferd i Norge. Neste skritt er å bedre burfri driftsform."

Trur verkeleg Dyrevernalliansen at dei ut frå sin "opphøgde visdom", kan bestemma og vedta slikt? Eg er sikker på at matvarekjedene veit at dei ikkje har slik myndighet og makt iallefall. Til det er dei for smarte. Men - dei ser seg tente med dyrevernaktivistane sitt "føleri" og engasjement, for så i prissettinga å sko seg grovt på uvitenheten til folk.

Ingen styresmakter vil sjølvsagt "over natta" tenkja på å vedta noko slikt. Dessutan trur eg at etterspørselen etter "miljøegg" vil koma til å auka framover, når forbrukaren og me i næringa "tek opp denne hansken", og motbeviser all synsinga og populismen. Det trur eg og at matkjedene vil sjå seg tente med. For alternativet - å eventuelt importera egg frå utlandet - synest vel for alle vera det dårlegaste alternativet.

Annonse

Me i eggnæringa er passeleg lei all denne useriøse synsinga og tildels villeiande reklamen som vert skapt rundt verdens beste og friskaste egg. Og det er nokså spesielt for eggnæringa at dei ulike oppstallingsformene vert kommunisert ut til forbrukarane direkte på emballasjen i butikk. Til samanlikning veit jo ingen om dei drikk mjølk frå lausdriftsfjøs eller båsfjøs, om sauene har gått på talle eller på rister, eller om grisen har gått inne i grishuset eller vore ute og rota i jorda.

Forbrukaren skal vita om produkta er økologisk eller konvensjonelt produsert etter dei gjeldande lovar og retningsliner! Elles bør det vera kavliteten og inhaldet i produkta som har interesse. Samt det serdeles viktigaste av alt - at det er norskprodusert.Men verdens reinaste og beste egg, har historisk havna i ei sørgjeleg hengemyr diverres Dette bør og må det no ryddast opp i.

Neste artikkel

Tre om merkeordning for dyrevelferd: – Det er veldig bra