Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det vi ikkje har snakka om

Eg har beskytta. Gjennom å halde kjeft. Gjennom å ikkje ta samtalen som burde ha blitt tatt dagen deretter. Gjennom å sjå ein annan veg.

Det må bli slutt på å teie om trakassering, skriv Signhild Stave Samuelsen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

"Det er berre sånn han er på fest. Han blir berre litt vill med alkohol innabords. Men det er jo det han utrettar i edru tilstand som betyr noko!"

"Dette er ikkje ei sak ein skal ta opp no, for det er urimeleg å diskutera det når ein diskuterer kandidatar til verv".

"Det er ille nok at dette blir sagt bak lukka dører! Denne forma for ondsinna ryktespreiing er berre ondsinna, og har ingenting med vedkommande sitt kandidatur å gjere!" Det me diskuterte var forøvrig ikkje eit rykte, men eit faktum fleire i delegasjonen eg var med i hadde observert.

"Det snakkar vi ikkje om", har vore meldinga når det har vore stilt spørsmål ved kandidatar med stort talent – men med akk, så elendig dømmekraft – si åtferd i gitte situasjonar, ikkje alltid med promille i kroppen.

"Vedkommande har fått beskjed". Men held fram med same åtferd utan å ha teke korrigeringane.

Kan 2018 vera året der me sluttar å beskytta dei som oppfører seg som dritsekkar? Ikkje gjennom ein offentleg skittentøyvask, men ved å tydeleg seia ifrå. Til den det gjeld, og til dei som treng å vita.

• Les også: Fylkesordføreren i Hedmark trekker seg etter varsler

Eg byrja telje opp kor mange gonger eg har blitt anmoda om å halde kjeft, eller om å ikkje bruke manglande dømmekraft som argument når eg skal forklara kvifor eg ikkje ønsker ein bestemt kandidat. Kor mange gonger eg har tidd stille og nøydd meg med å stemma blankt.

Etter fleire fylkesårsmøte og landsmøte i fleire organisasjonar eg har vore aktiv i blei det visst ein del gonger. For dei finst i så godt som alle dei organisasjonane eg har vore ein del av, desse som gjer ting som er ugreitt når talerstolsmikrofonen er av.

Og eg har beskytta. Gjennom å halde kjeft. Gjennom å ikkje ta samtalen som burde ha blitt tatt dagen deretter. Gjennom å sjå ein annan veg. Gjennom å stadig tru på at lovnad om bot og betring er det same som reell endring. Gjennom å melde meg som "den du kan klå på" til ein som alltid skulle klå på jenter i fylla – slik kunne nokre av nykomarane "sleppe unna" fingrane hans.

"Det er berre sånn han er på fest. Han blir berre litt vill med alkohol innabords."

Annonse

• Les også: Unge Høyre-leder trekker seg

Eg har beskytta gjennom å passe på at informasjonen eg sat på ikkje blei spreidd til andre enn dei som allereie visste. Gjennom å bortforklare med "vedkommande var visst litt for langt nede i flaska" eller "du veit, dei har ein litt anna festkultur i den delen av landet enn den me er vande med".

Eg har også beskytta for å beskytta meg sjølv, for eg vil ikkje ha rykte på meg for å vera ryktespreiar. Eg har beskytta fordi dei det handlar om, er folk eg har sett opp til, og som difor har fått ekstra mykje goodwill. Eg har halde kjeft fordi eg sjølv har hatt ønske om å stille til val.

Eg har latt vere å seia noko til andre (som til dømes ein valkomite) fordi eg framleis skal ha eit tillitsforhold til eller eit samarbeid med vedkommande – "for saka er ikkje alvorleg nok til at ho blir grunnlag for at vedkommande ikkje blir vald".

• Les også: Kvinner med mot frå metoo

Eg har latt vere å ta det opp for å sleppe å bli oppfatta som moralist. Eg har sjølv snakka med nye i organisasjonen om oppførselen deira – men stilltiande "godteke" same åtferd frå nokon høgare oppe i systemet. Og eg har heilt sikkert sjølv sagt til andre at "det er ein ting å snakka om dette her, men ikkje spreia det du veit".

Det må bli slutt på at den einaste konsekvensen det får om ein er talentfull, men har idiotoppførsel, er at vedkommande får tillitsverv med tausheitas vern.

Innlegget har vore publisert på Samuelsen si Facebook-side.

Neste artikkel

– Den beste beskyttelsen mot å miste suverenitet er å ta en plass ved bordet