Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den norske luremodellen

Det passar både staten og bondelaget å halda bondeinntektene nede.

Det passar både staten og bondelaget å halda bondeinntektene ned, skriv innsendaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ein gamal bondelagseiar lovprisar i Nationen den sokalla norske modellen som er so veldig gunstig for det norske landbruket.

Kva er so innhaldet i den norske modellen? Jau, me får stadig nye landbruksmeldingar som er so framtidsretta og positive og journalistisk viktig at ein vert opp i undring. So etter den søte kløe kjem den sure svie; jordbruksforhandlingane.

Ei kronemessig lik utvikling som andre grupper vedtek Stortinget som rettesnor for neste års landbruksoppgjer. Utgangspunktet for forhandlingane er som følgjer: Totalrekneskapet for landbruket syner ei årsinntekt på 200.000.

Men ifylgje landbruksministeren so er det feil måte å rekna ut årsverkinntekta. Til det har me ein "omforent måte" å rekna på. Den går ut på at me får tillagt det me tener i kroner, sokalla levekårsfordelar som i oppfinningsåret 1985 var ca. 1G. I dag er 1G ca. 100.000 kroner.

Annonse

I tillegg er bøndene for lite effektive , dei har for dårlege avlingar og dei får eit jordbruksfrådrag av ei teoretisk utrekna skattelette. Til saman legg ein til 160.000 til pengeinntekta, og ein kjem då opp i 360.000.

Når ein so reknar inntekteutvikling, er 3,5 prosent ei betre utvikling enn 2,8 prosent av 520.000, som er gjennomsnittsinntekta elles i samfunnet. Skal du lyga so lyg i prosent, då kan ingen ta deg i lygn.

Det passar både staten og bondelaget å halda bondeinntektene nede, for då har dei full styring på kven som skal få fortsetja, ved å styra investeringstilskota dit dei vil og til den bruksstorleiken dei vil . Det er det sterkaste styringsvektøyet dei har.

Dei låge prisane på mat er i utgangspunktet eit sosialt tiltak for at alla skal vera sikra gode levekår. Men det er bøndene som betalar det meste av dei billege matvarene med 60 prosent dugnadsarbeid og 40 prosent løn for arbeidsinnsatsen sin.

Forhandlarane let seg lura, mest kvart einaste år, og Stortinget er vel nøgde med at dei slepp å auka barnetrygda.

Me lever høgt på å hogga regnskog for å importera soya til kylling og laks og let våre eigne lier gro att. Me lever godt med den norske luremodellen.

Neste artikkel

Forhandler om tørkeerstatning - her er kravene fra jordbruket