Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Demonstrasjonar og måloppnåing

Demonstrasjon: Er store demonstrasjonar rette måten å seie frå på, spør innsendaren. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Eg sit med Nationen for 24. mai, og gjer meg nokre refleksjonar når eg les og ser bilete frå reportasjen på sidene 4 og 5 om «Demonstrerande bønder ga klar beskjed til Dale», og ikkje minst avisas framside for same dag om jordbruksoppgjeret, der det står at «Rundt 4000 bønder og andre landbruksengasjerte inntok Oslo i går for å vise sin misnøye med statens tilbod i jordbruksoppgjeret».

Som distrikts-, landbruks- og miljøpolitikar og bygdemenneske støttar eg bøndene fullt ut i denne saka, og har stor sans for deira argumentasjon mot regjeringas tilbod. Særleg fordi Stortinget tidlegare har vedtatt noko anna når det gjeld jordbrukets økonomiske og driftsmessige vilkår.

Men refleksjonen min går på måten mange bønder og deira sympatisørar brukar tid og andre ressursar på for å vise berettiga misnøye med regjeringas framlegg til jordbruksoppgjer.

Mønstringa med ei mengde store, nye og flotte landbrukstraktorar i millionklassa, som til dels har køyrt lange vegar for å kome akkurat til Oslo, lange og dyre flyreiser og ulike effektar, vitnar om nærast det motsette av det bøndene demonstrerer mot.

Annonse

Og planlegginga som går med til slike kreative mønstringar viser at tidsklemma ikkje er så trong som det tidvis blir hevda.

Kanskje andre former for å nå fram med krava og synet sitt på sett og vis hadde vore meir nøkterne, verka meir truverdige, og fått enda større forståing og sympati. Landbruket har trass alt sine organisasjonar og tillitsvalde og tilsette talspersonar og forhandlarar som kan målbere på ein meir nøktern og verknadsfull måte det som bøndene brukar kostbar tid og pengar på å få fram. Sjølvsagt gjev slike «happeningar» god pressedekning, dersom det skulle vera litt av målsetjinga.

Men markeringsmetodane kan vera mogne for evaluering og måloppnåing i høve til innsatsen.

Neste artikkel

Plogen er fortsatt ikke død