Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Demokratiet i krise

EU: Stortinget gir frå seg råderetten bit for bit, skriv innsendaren. Foto: NTB scanpix

Det er no grunn til å stille spørsmål om demokratiet her i landet er så solid og velfungerande som mange vil ha det til. Filosofiprofessor Jon Hellesnes skreiv i Klassekampen 1. juni: «Norge var truleg meir sjølvstendig under svenskekongen mellom 1814 og 1905 enn landet er i dag under EØS."

Dessverre trur eg at han har rett i dette. To gongar har det norske folk gjennom folkerøystingar sagt Nei til EU. Men gjennom EØS-avtalen har det EU-venlege fleirtalet på Stortinget bit for bit gitt frå seg råderetten over landet vårt. «All makt i denne sal», sa Johan Sverdrup i 1884. Det er langt frå sanninga i 2017.

Gjennom fleire år har demokratiet og sjølvråderetten i nasjonalstatane blitt kraftig svekka gjennom eit stadig sterkare og meir sentralisert EU. Den aukande globaliseringa er ein del av den same trenden. Då er det godt å sjå at motkreftene no er i ferd med å vakne. Både Brexit og valet i USA er tydelege signal om dette. Trua på demokratiet og nasjonalstaten sin suverenitet har lenge vore sterk her i landet, og no treng vi å vakne og ta vare på desse verdiane.

Annonse

Om vi ser på interne prosessar her i landet, er det også grunn til uro. Då tenkjer eg særleg på det som har skjedd i samband med kommunesamanslåingane. Vi i Partiet Dei Kristne(PDK) ynskjer å flytte makta ned og ut. Difor er lokaldemokratiet viktig, og det som no skjedde her på Møre, at solide Haram kommune vart tvinga til å slå seg saman med Ålesund, meiner vi er uttrykk for manglande respekt for folkeviljen.

Vi i PDK seier nei til globalismen, sentralisering og EU, og eit rungande ja til nasjonalstat, sjølvråderett og folkestyre. Vi vil også seie opp EØS-avtalen til fordel for handelsavtalar som ikkje samstundes krev at vi skal slutte å vere herrar i eige hus.

Neste artikkel

Ta jula tilbake med ekte juletrær