Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelagets giftige blindspor

Blindspor: Norges Bondelag, Norsk Løkdyrkerforening og Gartnerhallen SA ber om dispensasjon til å bruke soppmiddel. Foto: Tone Jørstad

EU har 14.11.2017 konkludert med at soppmiddelet iprodion (preparat Rovral 75 WG) skal fasast ut av bruk så snart som mogleg. Årsakene er at stoffet er kreftframkallande både gjennom konsum av produkt, gjennom drikkevatn og gjennom yrkesbruk. I tillegg har ikkje produsenten kunne dokumentere at stoffet ikkje skadar miljø og dyreliv, inkludert pollinerande innsekt

Vurderingar og høyringsprosessar starta i 2012.

Basert på EU sitt vedtak fatta Mattilsynet 13.12.2017 følgande vedtak:

«Rovral 75 WG (reg.nr. 2007.123.14) er godkjent i Norge frem til 31.12.2017. Ettersom Norge har implementert 1107/2009 og er harmonisert med EU trekkes godkjenningen til Rovral 75 WG fra og med 31.12.2017. Siste salgsdag for Rovral 75 WG er 20.04.2018. Siste dag for bruk og besittelse er 05.06.2018.»

Annonse

Det offentlege fører ikkje eksakt statistikk over bruk, men omsetningsstatistikken viser ein auke frå 2850 kg i 2015 til 7230 kg. i 2016.

Overraskinga er difor stor når Norges Bondelag, Nordgrønt SA, Norsk Løkdyrkerforening, Gartnerhallen SA, ber om dispensasjon til å bruke stoffet fram til 30.06.2019. I klagen blir det presisert at dei har visst om utfasisgskravet i 2 år. Grunngjeving for dispensasjonen er økonomiske konsekvensar etter innkjøp for ein forventa lenger avviklingsperiode.

Det hjelper lite for generell helse, mattryggleik og miljø at yrkesbrukar lovar å nytte overtrekksdress og heilmaske med kombinasjonsfilter A1/P3.

Neste artikkel

Erling Kjekstad: Bønder må bry seg