Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bent Høie og folkehelse

Sviktar: Bent Høie er ingen folkehelseminister, skriv Kjersti Toppe. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner han er ein folkehelseminister (Nationen, 18. juli). Innlegget avslører at statsråden ikkje kan ha forstått kva primærførebygging faktisk handlar om. Han viser til ei liste av folkehelsetiltak som stort sett ikkje handlar om førebygging, men om tidleg behandling, som at det er tilsett mange hundre fleire psykologar. Ingen av tiltaka i lista handlar om satsingar utanfor helsesektoren. Sjølv om førebygging i all hovudsak skjer her. Til dømes i skulen.

Høie viser til at regjeringa har fremma ein nasjonal handlingsplan for betre kosthald. Eit av dei meir konkrete oppfølgingspunkta i denne planen er; «Utvikle og prøve ut et tiltak som engasjerer barn i mat- og kostholdsaktiviteter.».

Er det mogleg? Dette brukar helseministeren tid og ressursar på, medan han kuttar ut gratis frukt- og grønt til elevane og arbeider mot å gi elevar eit dagleg, sunt skulemåltid.

Det næraste Høie har vore å vere ein folkehelseminister, er tiltaket for å hindre ungdom å byrje med tobakk. Paradoksalt nok blei innføring av nøytrale tobakkspakningar aktivt motarbeida av hans eiga regjering. Høie måtte få hjelp frå opposisjonen og Senterpartiet for å få vedtatt den eine reelle folkehelsesatsinga på lista.

Annonse

Høie og Høgre sine hovudmål for helsepolitikken er å korte ned ventetider og skape pasientens helseteneste. I budsjettdebatten i Stortinget i desember 2016 var Høie og Høgre stolte over å kunne fortelje at regjeringa hadde nådd målet om 1 million fleire pasientbehandlingar samanlikna med 2013. Men er det noko å skryte over? Det vert som om brannvesenet skulle rapportert om ein auke i storbrannar, og skrytt av det. Eller at politiet skulle meldt om fleire storkriminelle, og vore stolte av det.

Fokuset er feilslått. Vi treng ein heilt ny helsepolitikk, ein ordentleg folkehelseminister og ei ny regjering. Det er på tide med ein helsepolitikk som ikkje har som mål å lage pasientens helseteneste. Vi treng ein helsepolitikk for dei som ikkje vil vere pasientar. Som førebygger at sjukdom oppstår.

Neste artikkel

Sosial dumping må stoppes på grensa