Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Avviklinga av bondelandet

Avfolking: Vi treng ein ny landbrukspolitikk, skriv innsendaren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I tida frå freden i 1945 til i dag vel 70 år seinare, er det knapt bønder att i dette landet – til liks med resten av det vi kallar «Vesten». Mekaniseringa og entreprenørar steller jorda på sitt vis, medan byråkratane på solid løn prøver å fø seg sjølv med skjemavelde.

Det er knapt folk att i tuna på dagtid, kanskje ein katt eller to, helst slike dyrlegen har kastrert – og slett ikkje gratis! Slekt, vener og arbeidsfolk som budde på gardane etter krigen er borte.

Bestemor er på institusjon – om kommunen har plass og ikkje minst råd til ein gammal slitar. Bestefar er i grava, og ungane på skular til dei er oppunder 30 år. Tauser og drenger er ein saga blott, småungar i barnehage og bondekona, ein tragedie at det ikkje var/er utkome for den beste på ein gard, ja, ho er i beste fall i kommunal teneste.

Så kjem alle heim, kanskje før det vert mørkt ute, og deretter set med kvar sin «dippedutt» – medan grandiosaen duftar i det nyoppussa kjøkkenet til ein halv eller ei heil årsløn. Ute står bilane frå Sverige eller Tyskland, verdien er på høgde med eit halvt hus. Men trivnaden for dette er alvoret at bondekona laut heva løn utanom gardstunet.

Annonse

Dyra på garden, om dei ikkje er i samdrift eller anna storfjøs, er kalla med tal og ikkje namn. Kven kan setja namn på 100 kyr, 1000 gris eller 50.000 høner? «Kjære industri, kom og gjør meg fri – fra alt – bekymringer med kuskit og fjøs», song Rotmo og Vømmøl for 30 år sidan.

Vidare ein halvtime i tannlegestolen, må ein ut med heile eller halve arbeidsvederlaget for dyrestellet ei vekes tid på smågardane – og er ein så syndig å verta «advokat-mat», kan eigenkapitalen – det vesle ein har- ryka fort og vel så det! 50.000 høner?

Vi treng ein ny landbrukspolitikk, dette vert etterlyst og prøvd å konkretisert. Tida er overmoden same kva regjeringa og Frp generelt i si grenselause arroganse hevdar.

Neste artikkel

Hvorfor er vi så få kvinnelige bønder?