Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vurderer søksmål mot Wikipedia

Allkunne skuldar Wikipedia for plagiat og brot på åndsverklova. Ekspertar i opphavsrett meiner dei kan ha ei god sak.

Det digitale, nynorske oppslagsverket allkunne.no skuldar Wikipedia for plagiat og systematisk, ulovleg bruk av stoff frå nettstaden.

- Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få fylgjer, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

- Direkte avskrift

Plagiatet gjeld ein artikkel av Per Halse om salmediktaren Arve Brunvoll.

Det var forfattaren sjølv som avslørte plagiatet.

Allkunne publiserte artikkelen 3. september 2009 etter vanleg redaksjonell vurdering og språkvask. Artikkelen på Wikipedia nynorsk vart først publisert 5. juni 2010, og er sist oppdatert 16. juli 2010.

Artikkelen på Wikipedia bokmål vart lagt ut 15. juli 2010 av ein annan brukar, og er sist oppdatert 30. juli 2010.

- Artikkelen til Halse er opphavsrettsleg verna og kan etter åndsverkslova ikkje nyttast av andre utan samtykke på førehand. Slikt samtykke er ikkje gitt, verken av Allkunne eller Halse, seier Rotevatn.

Åndsverkslova har som føresetnad at det skal opplysast om både opphavsmann og opphavleg utgivar/kjelde, i tråd med god skikk ved attgiving av verna verk.

Artiklane til Wikipedia inneheld inga slik form for kreditering.

Allkunne hevdar å kunne dokumentere at Wikipedia systematisk bruker tekstar frå Allkunne ulovleg, både gjennom direkte avskrift og ulovleg publisering.

- Vi reagerer sterkt på denne praksisen. Allkunne krev erstatning for ulovleg bruk og oppreising for ikkje-økonomisk skade på til saman 75 000 kroner, og at Wikipedia dekkjer alle sakskostnadene våre, seier Rotevatn.

- Kan ha ei god sak

Annonse

Advokatfullmektig Bernt Olav Bryge har sett på Allkunne sin dokumentasjon, og ser ikkje bort frå at dei kan ha ei god sak.

- Historiske fakta har i utgangspunktet ikkje opphavsrettsleg vern, men måten dei er framstilt på kan gi dei vern. Teksten er svært lik, og dessutan inndelt i nærmast identiske avsnitt med same meiningsinnhald, seier Bryge.

- Eit anna spørsmål vil vere kven som skal stå til ansvar om det blir erklært brot, og kvar eventuelt søksmål skal reisast. Er ein henvist til å prøve å spore opp den enkelte brukaren som mest sannsynleg har lagt ut artikkelen, spør Bryge.

Verken han eller advokat i opphavsrett, Eivind Bergh-Jacobsen, kjenner til at det er reist søksmål mot Wikipedia tidlegare på tilsvarande grunnlag.

- Eg kjenner ikkje godt nok til dette, men det kan hende dei har ei god sak. Skriv dei ein artikkel i eit leksikon, har dei verkshøgde etter åndsverklova, seier Bergh-Jacobsen.

Han medgir at opphavsbrot på internett er eit stort problem, så stort at mange nærmast gir opp.

- Det skal ikkje mye til før du bryter åndsverklova, seier han.

Toppen av isfjellet?

Allkunne.no er eit digitalt, nynorsk oppslagsverk, utgitt av Allkunne AS, som er eigd av Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget.

Dei vil følge saka opp rettsleg om den ikkje blir løyst på midten.

- Kanskje er dette toppen av isfjellet. Vi har fleire artiklar som var direkte avskrift eller identiske med det vi har publisert tidlegare. Fakta generelt kan alle bruke, og Wikipedia er positivt. Men når formuleringane og tekst er det same, reagerer vi, seier Linda Halse Digernes, fungerande dagleg leiar i Allkunne.

Neste artikkel

Kulturarv gir nye oppturer for gamle ferdselsårer