Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil reise benkeforslag på Lundteigen på landsmøtet

Støttespelarane til Per Olaf Lundteigen gir ikkje opp kampen om nestleiarvervet.

Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum er av valkomiteen innstilt som nestleiarar i Senterpartiet, men landsmøtet får i alle fall ein kandidat til å stemma på.

Årsmøtet i Buskerud Senterparti gjorde i helga vedtak om å fremje Per Olaf Lundteigen som benkeframlegg på landsmøtet i Senterpartiet i mars. Initiativtakar var Elin Bergerud, leiar i Buskerud Senterungdom.

- Bakgrunnen for framlegget var diskusjonen me hadde tidlegare i år, der Senterpartiet, Senterkvinnene og Senterungdomen i Buskerud ville ha Lundteigen inn som nestleiar i partiet, seier Bergerud.

Les også: Vil ha Lundteigen som nestleder

- Me ville ha debatt på årsmøtet om korleis denne saka skal takast vidare. Korleis me no arbeider framover er litt uvisst, seier Bergerud.

Etter ein intens debatt på årsmøtet vart fylgjande vedteke med 51 mot 16 røyster:

Annonse

«Buskerud Senterpartis fylkesårsmøte 2011 oppfordrer Buskerud-delegasjonen på landsmøtet å sikre at Per Olaf Lundteigens kandidatur som nestleder fremmes for landsmøtet.»

- Lundteigen er eit arbeidsjern. Han er uredd, kallar ein spade for ein spade. Eg oppfattar at han har brei stønad frå grasrota og kjerneveljarane til Sp, seier Bergerud.

- Eg vonar partiet kan dra nytte av Lundteigen etter all den negative omtalen Sp har hatt den siste tida, seier Bergerud. Ho er ikkje overraska over den store stønaden Lundteigen fekk på årsmøtet.

- Han har stor tillit og truverde mellom medlemene, seier ungdomspartileiaren.

Valkomiteen si innstilling til nytt fylkesstyre i Sp vart offentleggjort i dag. Ola Borten Moe er innstilt som ny fyrste nestleiar og Trygve Slagsvold Vedum til andre nestleiar, ein posisjon han har hatt i to år. Per Olaf Lundteigen er ikkje innstilt til sentralstyret.

Neste artikkel

Kirkene må reddes