Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi kan ikkje vedta at folk skal vera lukkelege

Den enorme velferdsauken i Noreg må nyttast på livskvalitet framfor å sjå oss blinde på økonomisk vekst, skriv Tore Storehaug i vekas Frå Løvebakken.

Pengar og verdi: Menneske sin verdigheit er viktigare enn vekstratar og økonomiske nøkkeltal, skriv Tore Storehaug. Foto: Colourbox

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett legg opp til å bruke totalt 1325 milliardar kroner i 2018. Eg hugsar framleis kor forundra eg blei i 2011 då det oversteig 1000 milliardar. Nemninga på eit så stort tal kunne eg ikkje hugse å ha lært.

I fellesskap er vi nemleg billionærar. Vi har grunn til å vere takksame og stolte over korleis vi i fellesskap har forvalta oljepengane og inntektene våre. Likevel må vi ikkje slå oss til ro med å klappe oss sjølv på skuldra. Ein dag kjem dei magre åra. Det er då vi verkeleg får sjå om verdiane vi har kan bere.

Det er i tider vi har det godt at det er lett å sjå seg blind på det som kan teljast og gløyme det som tel. Ein av dei viktigaste leksjonane eg har fått med meg heimanfrå er at forbruk åleine ikkje skapar menneskeleg lukke. Vi menneske har ikkje berre materielle behov.

I mi levetid har dei økonomiske pilene nesten utan unntak peika rett veg i Noreg. Slik er det ikkje i andre land, ei heller dei det er naturleg å samanlikne oss med. I ei krevjande økonomisk tid i Storbritannia løfta dåverande statsminister David Cameron behovet for alternative samfunnsmål.

«Kapitalismen er ein motor for utvikling, og den har gitt oss eineståande velferd og moglegheiter. Politikken treng å finne (…) midla til å oppfylle nasjonen si lengt etter ein livskvalitet som omfattar meir enn økonomisk velstand», sa Cameron i ein av sine kjente talar.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) er inne på det same når dei lenge har arbeida med alternativ til dei økonomiske utviklingsindikatorane. Der har ein jobba med eit «better life initiative» som ser etter andre indikatorar enn brutto nasjonalprodukt for å analysere utviklinga i eit land.

Det som tel, men ikkje kan teljast, er viktig i den praktiske politikken. «Dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt» er eit argument som for ofte blir brukt etter mi meining. Eg har sjølv brukt det – som når eg har påpeika dei enorme beløpa ein liberal alkoholpolitikk påfører eit samfunn. For er det eigentleg det det handlar om? Nei, så klart handlar det om øydelagde familiar og born sin oppvekst.

Eit anna døme er korleis vi forvaltar naturen rundt oss. Når eg kan ferdast fritt i utmarka heime i Sunnfjord har eg det godt. Der kjenner eg på ein total fridom som eg ikkje finn andre stadar. For meg er det endå ein verdi som ikkje kan få ein prislapp. Likevel ser vi stadig at og denne verdien står under press. I andre land enn Noreg ser vi land innføre ordningar der retten til å skyte utryddningstruga artar som kvalross og svart nasehorn blir lagt ut for sal. Det kan godt hende at dette fungerer og sørgar for betre forvaltning av artane – men er det ikkje noko ekkelt i at naturverdiane får ein prislapp slik at lommeboka får råde her og?

Dersom vi viskar ut grensa mellom ein marknadsøkonomi og eit marknadssamfunn, blir mennesket sin verdi avgjort ut frå kva vi produserer eller kostar – ikkje ut frå at vi er den vi er. I Danmark har ein argumentert for innføring av tidleg ultralyd med å vise kor mykje samfunnet kan spare på at det ikkje blir født menneske med Downs syndrom.

Ein av dei viktigaste leksjonane eg har fått med meg heimanfrå er at forbruk åleine ikkje skapar menneskeleg lukke.

Annonse

Eg meiner vi ser same tankegang gjere seg gjeldande i skulepolitikken, og. Vi argumenterer ut frå samfunnsnytten av å innføre fleire timar med teorifag, lengre skuleløp, sjølv om det blir mindre tid til kreativitet og leik. Yrkeslivet treng desse og desse ferdigheitene – og så gløymer vi at like viktig som å utdanne er å danne elevane til gangs menneske.

Politikken kan ikkje vedta verdiane vi skal ha i liva våre, og vi kan heller ikkje vedta at folk skal vere lukkelege. Folk har sjølv ansvaret for å skape gode liv for seg og sine. Men eit einspora fokus på økonomisk vekst blir til hinder for velferd og livskvalitet.

Ved førre stortingsval var «Mennesker, ikke milliarder» slagordet til Erna Solberg. Det er eit verdibodskap som står seg, og som ikkje bør gøymast i festtalane. Det er styrken i relasjonane våre, verdiane i naturen og kulturen, meiningsfullt arbeid og ikkje minst trygge familiar som skapar rammene rundt det gode livet. Mennesket sin verdigheit er viktigare enn vekstratar og økonomiske nøkkeltal.

Tore Storehaug er ein av fem faste skribentar i Nationen si spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Torgeir Knag Fylkesnes og Else-May Botten.

• Først og fremst har handler det om å redde jorda vi bor på. Men har vi den politiske viljen, spør Else-May Botten.

Havet privatiseres og jordbruket sentraliseres. Den politiske utviklingen går i samme retning både til havs og til lands, skriver Torgeir Knag Fylkesnes.

Vi har vært gjennom et valg hvor enkelte politikere har jobbet hardt for å løfte en polariserende debatt mellom bygd og by, skriver Høyres Lene Westgaard-Halle.

• Geir Pollestad: Den manglande forståinga av kva dei frivillige organisasjonane si rolle er i Noreg kan forklare kvifor regjeringa kuttar så mykje til dei.

Neste artikkel

Frykter økt import etter avgiftshopp