Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestlandet og gjengen midt i

Vestlandet er ein landsdel med dei fire fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Mange av oss er stolte av å vera vestlendingar frå Vestlandet.

Me har no hatt ein reform der staten med stor grad av tvang har delt landet inn i større byråkratiske og meir ueigna einingar. No har fylkespolitiarane i Hordaland og Sogn og Fjordane fått for seg at deira nye samanslegne fylke skal bera namnet «Vestlandet». Det er ein elendig idé.

For det fyrste er ikkje namnet dekkande for det geografiske området det gjeld. For det andre vil meir enn halvparten av oss vestlendingar bu i den delen av Vestlandet som ikkje er Vestlandet. For det tredje så vil det vera forvirrande å ha både Vestlandet og Vestlandet til dømes i marknadsføringa for å lokke turistar til Vestlandet. For det fjerde så bør ein vera forsiktig med å stjela identiteten frå folk.

Annonse

Det er mitt klare inntrykk at det ikkje er mange som meiner namnevalet er bra.

Sjølvsagt er det noko meir. Det handlar om kven me er og kor me høyrer til. Så kan dei gjerne meine at Rogaland og Møre og Romsdal burde ha latt seg lokke inn i eit gigantisk byråkratimaskin av ein fylkeskommune som det tek 17 timer å køyre gjennom. Eg er glad både Rogaland og Møre og Romsdal stod mot presset frå Sanner og Regjeringa. Det er korkje politikarane i Hordaland eller Sogn og Fjordane si oppgåve å straffe oss for det. Difor må Stortinget slå fast: Det er berre eit Vestlandet, og det ligg på heile Vestlandet.

Neste artikkel

«Legg fakta på bordet»