Venstre: – Små bruk må ikkje sakke akterut

Regjeringa legg opp til større inntektsforskjellar mellom små og store bruk. Venstretopp ber om minst like stor auke i inntekta for små og mellomstore.

– Eg har i mange ulike samanhengar sagt at det er viktig at små og mellomstore bruk kjem etter og ikkje sakkar akterut. Det vi ser er ikkje rett utvikling, seier Pål Farstad i Venstre. Foto: Vidar Sandnes

Inntektsforskjellar

Før årets jordbruksoppgjer er inntektsforskjellen mellom små mjølkebruk og store mjølkebruk på over 140.000 kr pr. årsverk. Små bruk har under 170 kr pr. time i inntekt medan store bruk har over 245 kr pr. time.

I tilbodet i årets jordbruksoppgjer legg regjeringa opp til størst inntektsvekst for dei største mjølkebruka og mindre vekst eller nedgang i inntekta for små og mellomstore.

Medrekna årets tilbod vil bruk med 14 årskyr ha fått 30.200 kr i inntektsvekst pr. årsverk frå 2014 til 2017. Bruk med 55 årskyr vil få ein inntektsvekst pr. årsverk på 138.200 kr, som er over fire og ein halv gong meir.

Tilbodet frå staten er på 90 mill. kr, inkl. eit kutt i tilskota på 70 mill. kr. Bondekravet er på 860 mill. kr, inkl. auka tilskot på 577 mill. kr. Forhandlingane skal etter planen avsluttast fredag 13. mai.

Timeinntekta ligg før årets jordbruksoppgjer over 45 prosent høgare på store mjølkebruk enn på små bruk. Regjeringa legg i tilbodet til bøndene opp til å forsterke forskjellane ytterlegare.

– Ikkje rett utvikling

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

<br>

Digital

100 dager for 100 kr

Helg + Digital

- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag
100 dager for 100 kr

Komplett

- Papiravisen levert hjem mandag til lørdag
100 dager for 100 kr

Neste artikkel

La oss snakka meir om Venstre