Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Venstre må utsetje tollsvar

Landbruksdepartementet treng meir tid på å gje Venstre svar om ostetollen. Det inneber at Venstre utset å ta stilling til saka.

Venstre har fått melding om at Landbruksdepartementet ikkje kan gje dei nødvendige avklaringane og svara om ostetollen i dag, slik Venstre har bede om. Det stadfestar kommunikasjonssjef Steinar Haugsvær i Venstre.

– Landbruksdepartementet opplyser til oss at dei ikkje klarar å svare på brevet til gruppemøtet i dag, sidan departementet ønskjer å gje eit så utfyllande svar som mogleg, seier han.

Stortingsgruppa i Venstre hadde lagt opp til ei ny vurdering av kor vidt partiet skal støtte regjeringas målsetjing om å endre dagens tollregime for ost, biffkjøt og lammekjøt eller ikkje. No vert avgjerda utsett.

Haugsvær seier Venstre ikkje kjem til å ta stilling i saka før partiet har fått det nødvendige kunnskapsgrunnlaget.

På spørsmål til Landbruksdepartementet om kvifor svara let vente på seg får Nationen følgjande melding frå kommunikasjonsavdelinga:

– Vi har ikkje noko å kommentere. Saka er framleis til handsaming.

– Burde vore avklart

Stortingsgruppa i Venstre skulle i utgangspunktet ta stilling til den omdiskuterte tollen på eit gruppemøte førre veke. Etter tre timar med diskusjon om landbrukspolitikk og toll, kom partiet derimot til at dei trong meir informasjon om følgjene av å gjere endringar i dagens tollregime før dei konkluderte.

Torsdag sende stortingsgruppa difor landbruksministeren eit brev med 10 spørsmål. I brevet vart det eksplisitt bede om å få nødvendige svar og avklaringar innan onsdag 4. desember.

Næringspolitisk talsperson Pål Farstad i Venstre ser det manglande svaret frå landbruksministeren som eit teikn på at spørsmåla var nødvendige.

Annonse

– Eg merkar meg at regjeringa no treng meir tid på å svare på ting eg meiner burde vore avklart før dei gjekk til det steget å varsle Brussel om endringar, seier han til Nationen.

EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) varsla førre månad EU om at regjeringa ønskjer å endre tollregimet den førre regjeringa innførte.

Det var i statsbudsjettet for 2013 at den raudgrøne regjeringa vedtok å gå frå kronetoll til prosenttoll på enkelte typar ost, storfekjøt og lammekjøt. Høgre og Frp var i mot endringa i utgangspunktet. Det var også Venstre. No når ordninga er innført, og næringslivet har tilpassa seg styrka importvert, ser fleire i Venstre likevel annleis på saka.

– Å reversere tollen no, eitt år etter at den er innført, skapar ikkje den nødvendige føreseielegheita for dei som skal drive i bransjen, har Farstad tidlegare sagt.

Vi har tolmod

I brevet til landbruks- og matministeren har Venstre mellom anna bede om svar på kva konsekvensar ei reversering frå prosenttoll til kronetoll på ost og kjøt kan få for norsk landbruk og norsk mat- og næringsmiddelindustri – både på kort og på lang sikt.

Partiet ønskjer også å høyre om regjeringa meiner ei endring frå prosenttoll til kronetoll ligg innanfor dagens jordbruksavtale eller ikkje.

– At regjeringa treng meir tid, syner at det var nødvendig å stille spørsmåla. Men vi har tolmod til å vente til vi får best mogleg svar. Vi ønskjer å høyre svaret før vi går vidare med saka, seier Farstad.

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin