Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Valforskar meiner at kritikken av Sp-leiinga er urettvis

Valforskar Anders Todal Jenssen meiner Trøgstad-ordførar Ole André Myhrvold treff feil adressat når han kritiserer parti-leiinga for at Sp framstår som snevert.

- Myhrvold kan ha rett i observasjonen av at Sp i offentlegheita ikkje appellerer til bynære område, men å skulde det på parti-leiinga er urettvist. Problemet skuldast at det er vanskeleg å endre eit parti frå noko det historisk har vore. Det seier valforskar Anders Todal Jenssen om den påtroppande Sp-ordføraren sin kritikk av partileiinga. I Nationen på laurdag etterlyste Myhrvold meir offensive målsetjingar frå leiinga, som han meiner fører ein for snever politikk og gjer Sp til eit sektorparti.

Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum frå Sp-leiinga svara på kritikken i Nationen måndag.

Todal Jenssen meiner leiinga har lite med saka å gjere. Han syner til at Sp sidan 60-talet har hatt ein uttrykt ambisjon om å verte eit parti for heile landet. - Frustrasjonen over at det er vanskeleg trur eg Myhrvold deler med mange, men problemet er strukturelt, og skuldast ikkje partileiinga, seier han. Skulder på historia og media Ifølgje Todal Jenssen er medieoffentlegheita ein betre forklaringsfaktor for utfordringane Myhrvold påpeikar. - Partia slåst om rom i ei offentlegheit som er trong. Det gjer at dei fyrst og fremst får ei rolle i sakene dei har ein slags opphavsrett til, og at det er vanskeleg å ta spranget til å verte eit anna parti enn det ein historisk har vore, seier han. - Ei slik analyse tilseier at det er umogleg for alle parti å tiltrekkje seg nye veljargrupper. - Eg meiner ikkje at det ikkje finst dynamikk i systemet, men det er sjeldan at eit parti bryt gjennom med heilt nye saker. Det dreier seg meir om å redefinere gamle saker.

LES OGSÅ: Senterpartiet vil ha endring i lov om eigedomsskatt

Annonse

LES OGSÅ: Nettmøte: Liv Signe Navarsete svarte på dine spørsmål

LES OGSÅ: Nationens Erling Kjekstad kommenterer: «Hva skjedde med Sp i Trøgstad?»

Valforskaren vedgår at det finst rom for partia til sjølv å endre bilete, men meiner spelerommet er lite. - Det er jo ikkje slik at Sp-arar ikkje snakkar om andre politikkområde enn det partiet tradisjonelt er kjende for, men dei kjem ingen stader med det, seier Todal Jenssen. - Andre forhold på 90-talet Ole André Myhrvold seier han saknar Anne Enger Lahnstein-lina frå tidleg på 90-talet, «da partiet hadde ambisjoner om å bli noe annet enn et seksprosents-parti». Todal Jenssen meiner det var den ytre situasjonen med EU-strid og eit tydeleg sentrumsalternativ i norsk politikk som gjorde 90-talet gunstigare for Sp. - Det var mykje som gjorde at det bles rett veg for partiet den gongen. Det hang ikkje på ein person, meiner han. Slik Todal Jenssen ser det, er det ikkje gjort noko i Sp i ettertid som leier vekk frå det Myhrvold kallar ein meir open og inkluderande stil på 90-talet. - Det er snarare gjort nokre partivedtak som har brote med den tradisjonelle verdikonservatismen i partiet, seier han.

Neste artikkel

Kirkene må reddes