Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tre av ti bønder vil avvikle om Høgre får regjere

Nær kvar tredje bonde seier at dei vil leggje ned gardsdrifta om landbrukspolitikken til Høgre blir realisert, ifølgje ei undersøking frå AgriAnalyse. Høgre trur langt færre bønder vil slutte.

Vidare svarar 12 prosent at dei vil redusere drifta, medan 11 prosent svarar at dei vil auke. Resten seier seg anten usikre eller at drifta vil bli som i dag. Det går fram av ei undersøking som AgriAnalyse, tidlegare Landbrukets Utredningskontor, har gjort på vegner av Norges Bondelag. 13.000 bønder kan bli borte

Om svara er representative, så utgjer gruppa som seier dei vil avvikle drifta dei komande fire åra meir enn 13.000 bønder. I tilfelle vil rundt 3300 bønder måtte kaste inn handkledet kvart år i den neste fireårsperioden.

Sjekk ut heile undersøkinga

Det vil gi ein prosentvis nedleggingstakt som er over fire gonger større enn i dag. Til samanlikning har 4152 bruk blitt lagt ned i perioden 2009 - 2012.

Sjekk alle tala for nedleggingstakten sidan år 2000

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier tala i den nye undersøkinga er dramatiske.

- Det er overraskande store utslag, og svara seier ganske mykje om politikken til Høgre. Bøndene ser kva løysingar Høgre kjem med og dei ser at reknestykket ikkje går i hop. Når Høgre både vil kutte i tollvernet og redusere overføringane, så blir resultatet langt fleire nedleggingar. Det må vere eit kraftig varsku for Høgre, seier Bjørke. Også storbønder vil avvikle

Det er små regionale forskjellar i svara. Størst del seier dei vil leggje ned på Vestlandet (39 prosent) og Nord-Norge (35 prosent) om Høgre får styre. Minst del er det i Rogaland (24 prosent) og på Austlandet (25 prosent).

Se spørsmål og svar fra nettmøte med Høyres Svein Flåtten

Blant bruk med 200 til 400 mål jord er det flest som seier dei vil avvikle (34 prosent). Blant bønder med under 200 mål jord vil 32 prosent avvikle. På bruk med 400 til 600 mål vil 24 prosent avvikle, medan 19 prosent av bøndene med over 600 mål svarar dei vil avvikle om Høgre får styre. - Meir minus enn pluss

Undersøkinga viser òg at det store fleirtalet av bøndene svarar at reduserte budsjettoverføringar, reversering av prosenttollen, svekking av samvirke og vriding av tilskot frå små til større bruk er negativt for deira gardsbruk.

13 prosent svarar at gjennomgåing av kvoteavgrensingar og konsesjonsgrenser kan vere positivt og 39 prosent seier at redusert skattenivå kan vere positivt.

Leso gså: Høyre skrur på bremsene i ostetollsaken

- Bøndene ser summen av politikken til Høgre og at tapa blir større enn det som går i pluss. Derfor svarar dei med å ville avvikle, seier prosjektleiar Hanne Eldby i AgriAnalyse. Få sluttar med raudgrønt

Om forslaga til den raudgrøne regjeringa blir realisert dei neste fire åra, svarar berre 4 prosent av dei vil avvikle og 3 prosent vil redusere drifta. 55 prosent seier dei vil drive som i dag, medan 26 prosent seier dei vil auke. Resten, 12 prosent, er usikre.

- Om det er forskjell på kva bøndene svarar og kva dei faktisk vil gjere, veit vi ikkje. Høgre vil ha færre bønder, noko dei ser ut til å oppnå. Det som bør skape bekymring er kva følgjene blir for matproduksjonen, seier Eldby.

Høgre trur ikkje på at så mange bønder vil leggje ned drifta.

Les også: Bondelaget anklager Høyre for juks med rapport om landbrukspolitikk

Svein Flåtten i Høgre seier bøndene ikkje har sett seg godt nok inn i kva politikk Høgre vil føre. Han trur langt færre bønder vil slutte.

-Nedleggingar av bruk blir det uansett kven som styrer. Det må vi ha klart føre oss. Men at dobbelt så mange skal leggje ned på fire år, enn det som har blitt resultatet på dei siste åtte åra, er sterke tal. Årsaka til pessimismen meiner eg er at bønder ikkje har sett seg nok inn i vår politikk, seier næringspolitisk talsmann Svein Flåtten i Høgre.

Les også: Høyre vil gjøre det lettere å kjøpe og selge gårder

865 bønder er spurt: «Hvordan vil du utvikle drifta på gården din de neste fire årene hvis alle xxx(parti)s forslag blir realisert?» Slik svara dei:

Annonse

Han seier han trur mange bønder har ei oppfatning av politikken til Høgre ut frå informasjon dei har fått frå eigne faglag.

-Den informasjonen meiner eg er veldig lite flatterande for vår politikk, og dels tendensiøs. Slik sett er eg ikkje overraska, seier han og stiller òg spørsmål ved kva premiss som er lagt inn.

-Om så mange avviklar vil vel matproduksjonen gå ned?

-Det spørst kva som skjer med arealet. Til nå har produksjonen halde seg oppe trass i at det blir færre bønder.

-Men her er det snakk om 13.000 færre bønder?

-Ja, men sjølv om mange seier dei vil avvikle, så er ikkje det ein dokumentasjon på kva vår politikk vil føre til. Bønder svarar slik ut frå informasjonen dei har fått. Eg trur langt færre vil leggje ned.

Flåtten seier han saknar ei erkjenning i debatten av at det kjem til å bli færre bønder framover, og at styresmaktene derfor må føre ein politikk som gjer det mogleg å halde produksjonen og lønsemda oppe.

Han seier det er eit lyspunkt at 11 prosent svarar dei vil auke drifta, men at det er umogleg å seie om det er nok til å halde oppe matproduksjonen samla.

-Men til nå har ein klart halde opp matproduksjonen, seier han.

-Men det er ikkje kutta i tilskot og toll før, slik de vil?

-Nei, men fakta er at produksjonen held seg sjølv om bruka er færre. Det står att å sjå, men vi meiner det kan bli auka produksjon og lønsemd sjølv om det blir kutta i tilskota, seier Flåtten.

Landbrukspolitisk talsmann Torgeir Trældal i Frp er ikkje bekymra over at halvparten av bøndene svarar dei vil leggje ned om politikken til Frp blir realisert.

Les også: Landbruksministeren tror Frp vil få ut det verste i Høyres landbrukspolitikk

-Det tek eg med knusande ro. Dei som ikkje vil drive vidare kan leggje ned. Bønder er sjølvstendig næringsdrivande. Det står mange klar til å overta, seier han.

Han seier bøndene vil kome betre ut med Frp.

Se spørsmål og svar fra nettmøte med Frps Torgeir Trældal

-At bønder svarar slik, er vel fordi dei er uvitande om vår politikk. Mange er slitne etter å ha blitt utarma i mange år. Om bønder blir spurt om dei er nøgde med at tre bruk blir lagt ned dagleg, så ville du fått motsett svar, seier han.

-Det hjelper vel ikkje med toll- og tilskotskutt?

-Vi vil også kutte skattar og avgifter og redusere tollen på kraftfôr. Samla vil bøndene kome betre ut, seier han.

Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve torsdag 5. september.

Neste artikkel

Satser på millioner av gresshopper til menneskemat