Tonane som bar over havet

Rundt 800.000 nordmenn utvandra til Amerika på 1800- og tidleg 1900-talet. For mange var songen og musikken det kjæraste dei hadde med seg. Det er temaet i ei ny musikalsk framsyning.

Utvandringa: Framsyninga om utvandringa til Amerika er bygd rundt ei fiktiv forteljing om ei 16 år gammal jente, men Reidun Horvei har henta inspirasjon frå ei verkeleg historie om ungjenta Torbjørg Seljestad som braut opp frå heimbygda Seljestad og reiste til Amerika. Biletet er frå 1897. Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum

Turneliste:

11. februar: Premiere Vestnorsk utvandringssenter på Radøy

13. februar: Voss kulturhus

14. februar: Haugesenteret i Ulvik

15. februar: Åkra skule, Åkra

16. februar: Meieriet kulturhus i Odda

20. februar: Hardanger folkemuseum på Utne

22. februar: Lofthus i Ullensvang

25. februar: Trudvang i Granvin

27. februar: Kabusu i Øystese

Framsyninga er bygd rundt ei fiktiv historie om 16 år gamle Olina. På slutten av 1800-talet tek ho farvel med heimbygda Seljestad og legg ut på den lange reisa mot det lova landet. Først med hest og kjerre til Odda, deretter med dampbåt til Bergen. I Bergen går ferda vidare med englandsbåten til Hull og derifrå vidare med tog i til Liverpool. Der ventar det store amerikaskipet som tek opp emigrantar frå heile Europa.

Drama i tekst og tonar

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

<br>

Gratis digitalabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før

Gratis komplettabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag

Neste artikkel

Islandsk bondeoptimisme