Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tetfeltet i Årets bygdeprofil tettar seg til

Det er innspurt i stemmegivinga for Årets bygdeprofil 2015, vi anar mobilisering i fleire leirar. Ved midnatt går fristen for å stemme ut.

Kandidatene tilfeldig rekkefølge: D: Emilie Enger Mehl, E: Therese Rudi, A: Lars Petter Bartnes, C: Dag Jørund Lønning, B: Sondre Justad, F: Live Svalastog Skinnes

Dag Jørund Lønning vann startfasen av årets bygdeprofilkåring. Han fekk fort mange røyster både via sms og på nationen.no.

No ser vi at det blir mobilisert både i Rudi-leiren, Skinnes-leiren og Mehl-leiren.

Rekkjefølgja mellom dei fire kandidatane i tet er som tidlegare i veka, men avstanden har blitt mindre.

Tidlegare vinnarar

Merete Furuberg, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (2014).

Yasmin Syed, programleiar NRK (2013).

Oddgeir Bruaset, programleiar NRK (2012)

Therese Johaug, langrennsløpar (2011).

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, musikarar (2010).

Dansekompaniet Frikar (2009).

Kathrine Kleveland, leiar i Norges Bygdekvinnelag (2008).

Alt for Rognankompaniet (2007).

Gründer Mikkel Dobloug (2006).

Ulvejeger Stine Iversen (2005).

Spellemann Odd Nordstoga (2004)

Dei som meiner at Lars Petter Bartnes eller Sondre Justad fortener tittelen, har så langt ikkje slutta rekkjene og fått fart på stemminga.

Nett eller mobil

Folk kan røyste både på nationen.no og ved å sende sms. På nationen.no er det mogleg å røyste ein gong i døgnet, på sms er det inga avgrensing på korkje kor ofte eller kor mange gonger det går an å røyste. Å røyste via sms kostar fem kroner per gong. Send ein SMS med ordet BYGDE og føy til kandidatens bokstav, til dømes BYGDEA, BYGDEB, osv. til 2470.

Du kan og røyste på dei nominerte her:

Opp gjennom åra har vinnaren nokre gonger peika seg tidleg ut, men det har også vore år der ein kandidat har lege tilsynelatande trygt i leiinga, men så har det komme andre kandidatar og gått nesten dei siste timane det har vore mogleg å røyste.

Det skjedde for eksempel i 2010, då Oddgeir Bruaset lenge låg an til å vinne. Slik vart det ikkje, i løpet dei siste timane før avstemminga stengde, mobiliserte tilhengjarane av musikarsystrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, og dei sikra sigeren og var svært nøgde då dei nokre dagar seinare var og fekk prisen overlevert.

Omkamp

Bruaset kom sterkt att to år seinare, og vann då suverent.

Ei anna tett avstemming var i 2013, då småbrukarlagets Merete Furuberg lenge låg i teten, men tapte på oppløpet for NRK-programleiar Yasmin Syed som det året leia ein programserie om dialektar.

Året etter kom Merete Furuberg sterkt attende, og vart kåra til Årets bygdeprofil 2014.

Varierte vinnarar

Lista over tidlegare vinnarar viser organisasjonsfolk, mediefolk og artistar, i tillegg til ein gründer, ei langrennsstjerne og ein jeger. Oversikta står i faktablokka som følgjer artikkelen.

Kven som får 2015-plassen på lista blir avgjort ved midnatt natt til 20. februar.

Annonse

Her er det juryen skreiv då dei plukka ut nettopp desse fem til finaleheatet.

A: Lars Petter Bartnes

Gardbrukar frå Steinkjer i Nord-Trøndelag. Leier i Norges Bondelag sidan 2014 og har lang fartstid som tillitsvald i landbrukssamvirke.

Juryen seier: Kåra til den femte mektigaste i landbruket i Nationen og Bondebladets kåring i desember 2015. Synleg forhandlingsleiar i jordbruksoppgjeret.

B: Sondre Justad

Artist og låtskrivar frå Lofoten i Nordland. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet «Riv i hjartet», etter ei rekkje singlar med stor suksess.

Juryen seier: Artist med føtene solid planta i Lofoten. Han har tydeleg nordnorsk identitet og representerer bygdekulturen på ein flott måte.

C: Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning, fødd på Stord i Hordaland, rektor og professor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling.

Juryen seier: Kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og ein av få forskarar på lista over dei 100 mektigaste i norsk landbruk.

D: Emilie Enger Mehl

Frå Åsnes i Hedmark. Vart kjent for det norske folk då ho i 2014 vann første sesong av NRKs realityserie «Anno». Politikar.

Juryen seier: Ung politikar, med fartstid frå Senterungdommen og Hedmark fylkesting (Sp). God representant for det unge og aktive Distrikts-Norge.

E: Therese Rudi

Odelsjente frå Ringebu i Oppland. Ho bloggar og deler gjerne om livet på garden i Ringebu og som produsentrådgivar for Q-bøndene.

Juryen seier: Har markert seg som eit friskt pust i landbruksdebatten. Vart som 22-åring vald inn i sentralstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

F: Live Svalastog Skinnes

Gardbrukar frå Krødsherad i Buskerud. Kjent bloggar, og fekk i fjor Bondelagets og Landkreditt banks Askeladdpris for etableringa av ny næringsverksemd på bygdene.

Juryen seier: Årets landbruksblogger i 2015. Skriv godt om viktige tema. Ho representerer det nye landbruket som ung bonde og gründer.

Fristen for å røyste går ut 19. februar, kven som har fått flest røyster og vinn kåringa blir offentleggjort 27. februar.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997