Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tenn faklane – slå ring om den norske landbruksmodellen

Den mest effektive landbrukspolitikken er menneskenær og stimulerer menneske til å skapa. Ein politikk som berre handlar om å telja og vega, er derimot menneskefiendtleg, og er over tid ein øydeleggjande politikk, skriv Dag Jørund Lønning på Landbruksbloggen

Landbrukspolitikken handlar om meir enn auka produksjon, effektivisering og intensivering. Vi må slå ring om den norske modellen. Foto frå fjorårets jordbruksoppgjer. Foto: NL

Tenn faklane – slå ring om den norske landbruksmodellen!

Dei siste tre – fire åra har diskusjonen rundt norsk landbruk endra karakter. Me er tilbake ved vekstretorikken frå moderniteten og industrisamfunnet sine glansdagar nokre tiår tilbake. Ord og uttrykk som «volum», «auka produksjon», «effektivisering» og «intensivering» dominerer. Det som ikkje kan teljast eller vegast eksisterer ikkje. Rekruttering av ungdom til gard og grend har falle bratt nedover på prioriteringslista, og grunngjevinga for i det heile å driva rekrutteringsarbeid no er «å sikra tilstrekkeleg råstofftilgang til industrien».

MEN i denne industrielle euforien som no rår, er det lett å gløyma noko heilt vesentleg; kva som utgjer grunnsteinen i norsk landbruk.

Bonden –den buande– ber byggverket

Det er levande menneske som ber byggverket, ikkje daude maskinar eller robotar som kan programmerast til større effektivitet og drift enno fleire timar i døgeret. I norsk landbrukspolitikk – den norske modellen – kallar me denne grunnsteinen «bonden». Ordet bonde kjem frå gammalnorsk og tyder «buande». Politikken har hatt som mål at folk skal kunna bu og driva gard over heile landet, og framleis ha tilgang til både leveranse- og innkjøpskanalar på nokolunde like fot med yrkesbrør og -søstrer som ligg langt nærare marknaden. Noreg er eitt av få land i Europa som har forankra landbrukspolitikken på denne måten.

Les også: Vart norsk landbruk ofra på markedsliberalismens alter?

Landbrukspolitikk er å korrigera for marknadssvikt

Som næringspolitikk, skal norsk landbrukspolitikk «korrigera for marknadssvikt», med andre ord kompensera for både avstand og vanskelege driftstilhøve. Målet er at buande menneske skal kunna skapa verdiar rundt det lokale ressursgrunnlaget, anten dette ligg i ei bratt og vanskeleg framkomeleg li på Vestlandet eller i område med kort sesong langt nord. Difor har me sonar med særlege tilskott, og difor har me og nullsonar for dei som har meir optimale topografiske og klimatiske tilhøve og marknadsnærleik.  

Som distriktspolitikk skal landbrukspolitikken byggja busetnads- og næringsgrunnlag over heile landet. Samspelet med den meir reine distriktspolitikken er også avgjerande for det norske landbruket, slik det er forankra. Den lokale stimulansen i eit godt bu- og fagmiljø er avgjerande for å yta over tid. Det viktige i at det lyser frå nabohusa let seg ikkje så lett uttrykkja i det industrivokabular me dyrkar nett no, men dette tyder på ingen måte at det har blitt mindre vesentleg. Å vera den siste bonden i bygda er kanskje «økonomisk rasjonelt», og ein skal heller ikkje sjå bort frå at det ein periode kan sikra «optimal råstofftilgang til industrien» grunna effektiv innhausting av areal, men særleg menneskeleg og sosialt attraktivt er kanskje ikkje dette tilværet over tid?

Les også: Den norske bonden er i skvis

Frå landbrukspolitikk til industripolitikk?

Den landbrukspolitikk me no ser konturane av er eit tydeleg brot med bonden – den buande – som byggjestein. Med liberalistisk ideologi som drivkraft, prøver ein å kvitta seg med det som er av lovverk som sikrar busetnad (konsesjonslovene). Aksjeselskap i landbruk er alt trumfa gjennom, ei organisasjonsform som vil gjera det mogleg å sitja med beina på bordet i villaen i byen og motta offentlege tilskott for ein gard driven av rein innleidd arbeidskraft.

Men det stoppar ikkje der. Ein landbrukspolitikk som brukar offentlege midlar for å stimulera dei som ligg best an til å kunna auka produksjonen, er ikkje lenger verken distriktspolitikk eller næringspolitikk. Det er å stimulera til meir industrielt orientert produksjon med auka volum – punktum – som mål. Ein gjorde det same i Europa på 80-talet. Verkemidlane er enkle, men effektive dersom auke i det som kan teljast og vegast er einaste mål.

Slik sett var dette europeiske eksperimentet ein kjempesuksess. Produksjonsauke vart det jo i rikeleg monn. «Smørberg» var eit mykje nytta nyord på den tida. Men miljøkonsekvensane vart til dels dramatiske, og sosialt var EUbøndene i denne perioden blant yrkesgruppene med høgast sjølvmordsrate.

Annonse

Her heime har det «irriterande» ordet «berekraft» dukka opp. Me brukar det flittig, og ein høyrer titt og ofte at «produksjonen må opp, på ein berekraftig måte». Flott, men kva betyr det? Er det berekraftig med stadig lenger avstand mellom produsentane, med færre å snakka med, med færre å snakka fag med, med fleire vakenetter grunna bekymring for investeringar som er heilt avhengig av at noverande pris og støttenivå held seg for i det heile å gå i pluss? Og kva med det økologiske? Vel, framleis er det ingen som har klart å syna ein positiv samanheng mellom meir intensiv drift og god effekt på miljøet. Milevis på traktor for å hausta fôr rundt i heile distriktet, er vel heller ikkje krondømet på økologisk berekraft.

Les også: Det er ikke flaut med næringspolitikk

Tilbake til det menneskelege

Det er på ingen måte berre den sitjande landbruksministeren som har skulda for at me no – i forhold til målet om landbruk over heile landet – køyrer «90 miles an hour down a dead end street» (Snow/Dylan). Den førre landbruksmeldinga må også ta delar av skulda, for det var her den industrielle vokabularen blei gjeninnført. Produksjonen skulle auka med fleire prosent i året. Dette skapte optimisme ute i næringa. Men auken kom ikkje, for verkemidlane mangla.

Ja, me ønskjer nok alle at det skal dyrkast og foredlast meir mat i Noreg. Men i fremjinga av dette målet verkar me å ha gløymt basisen: Når grunnsteinen er menneske, kan ikkje auka aktivitet vedtakast på Stortinget. Den må veksa fram nedanfrå. I forskings- og utviklingsarbeid opp gjennom åra har eg snakka med veldig mange skapande menneske i landbruket. Det er to hovudmotiv for å skapa. Det første handlar om den buande som ønskjer å sikra seg eit godt nok næringsgrunnlag for å kunna halda fram med å bu der ein bur. Det andre handlar om å kunna «stå midt i verda» –  å få rom til å gjera det ein brenn for, trur på og kjenner er rett.

Den mest effektive landbrukspolitikken er den som stimulerer menneske til å skapa. Den legg til rette for trivsel, rom for nærleik til dyr og natur, for glede, fellesskaping, lyst og engasjement. Den mest effektive landbrukspolitikken er, kort sagt, menneskenær. Ein politikk som berre handlar om å telja og vega, er derimot ein menneskefiendtleg, og over tid øydeleggjande, politikk.

Les også: Europeisk høykultur takket være beitende kuer

Tenn faklane!

Til sjuande og sist er kanskje dette eit verdival? For meg er valet enkelt. Landbrukspolitikk har vore og bør framleis vera nærings- og distriktspolitikk. Dette er nok ei politisk ukorrekt utsegn i desse ulvetider. Men no er det sagt.

Og ei oppmoding heilt til slutt: Bønder, by- og bygdefolk over heile landet; tenn faklane og slå ring om den norske modellen!

Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Landbruksbloggen er et samarbeid mellom Norsk Landbrukssamvirke og Nationen. Les flere blogginnlegg.

Neste artikkel

Jordbruksmeldingen er en hån mot bonden og miljøet