Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Språkrådet meiner «Ruralis» er uforståeleg både på engelsk og norsk

Mange statlege og delprivatiserte verksemder har bytt namn dei siste åra. Siste verksemd ut er Norsk senter for bygdeforskning som byter namn til Ruralis.

Direktør i Ruralis Harald A. Lein. Foto: Odd Roger K. Langørgen

Namnebytet vil opne nye dører, meiner direktøren. Språkrådet trur det nye namnet vil skape forvirring.

– Vi har som prinsipp at namn bør vere så enkle som mogleg. Ruralis er døme på eit namn som seier lite eller ingenting om kva verksemda driv med. Det kunne òg vore ein musikkfestival, eit matmerke eller eit rådgivingsorgan, seier Kjetil Aasen, seniorrådgjevar i Språkrådet, til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at namnebytet til Ruralis føyer seg inn i ei bølgje med liknande namnebyte dei siste åra.

– Det er heilt klart ein trend og det finst mange eksempel på verksemder som byter namn frå eit lettfatteleg til eit komplisert namn. Nokre døme er drifts- og vedlikehaldsdelen av Statens vegvesen som endra namn til Mesta, Luftfartsverket som endra namn til Avinor og mange fleire, seier Aasen.

– Vil fungere betre internasjonalt

Harald Lein, som er direktør i Ruralis, peiker på to årsaker til at Norsk senter for bygdeforskning har bytt namn.

– For det første handlar det om at namnet Norsk senter for bygdeforskning ikkje famnar breitt nok til å fange opp heile fagfeltet vårt. Vi jobbar med både med bygder, lokalsamfunn og ei rekke ting knytt til dette, seier han.

I tillegg trur han det nye namnet vil fungere betre internasjonalt.

– Myndigheiter og Noregs forskingsråd forventar at ein større del av norsk forsking skal finansierast av internasjonale midlar. For eit lite institutt som Ruralis er det viktig å ha eit namn som gjer at internasjonale forskarar og forskingsinstitutt enklast mogleg finn oss og spør oss om forskingssamarbeid på rurale problemstillingar, seier Lein.

– Trur du folk intuitivt vil komme fram til kva verksemd de driv med når dei høyrer namnet?

– Eg trur folk kjenner til at rural er det motsette av urban, at det dekkjer bygd, land, distrikt, landsbygd. Vi opplever at vi må vekse i storleik og vi meiner difor at eit namnebyte var naudsynt. Det gamle namnet sette grenser for kor store vi kunne bli, svarar Lein.

Annonse

– Vårt fulle juridiske namn er RURALIS – Institutt for rural- og regionalforsking. Når vi skal bruke kortnamnet vil vi i tekst bruke forskingsstiftelsen RURALIS eller forskingsinstituttet RURALIS, legg han til.

Meiner to namn er uproblematisk

Aasen og Språkrådet meiner eitt engelsk og eitt norsk namn ikkje er noko problem.

– Det er ikkje problematisk med eit namn på engelsk og eitt på norsk. Ruralis er like uforståeleg på engelsk som på norsk. Klar betydning bør gjelde for namnet også når ein omset tittelen til engelsk, seier Aasen.

– Er det problematisk at eit nytt namn skil seg mykje frå det førre namnet?

– Vi tilrår kontinuitet i namn. Vi brukar sei at ein bør ha svært gode grunnar til å endre namn på eit føretak eller eit organ. Om ein endrar bør det så langt det lèt seg gjere, henge saman med det førre namnet, seier seniorrådgjevar Aasen.

– Det er heilt klart ein trend med denne typen namneendringar i halvstatlege/ halvprivatiserte organ. Det verkar som mange vil bort frå dei trauste, men tydelege namna, legg han til.

Dyrt, men vanskeleg å talfeste

Kostnadane rundt eit namnebyte på ei verksemd kan vere vanskelege å talfeste, ifølgje BI-professor.

– Namneendringar kan virke litt underlege og openbart kostar det mykje pengar både å utvikle nytt namn og logo og marknadsføre dette for å gjere det kjent i ei målgruppe, seier Lars Olsen, som er professor ved Handelshøyskolen BI.

Olsen er ikkje kjent med forsking som talfestar kostnadar knytt til slike namneskifte.

– Generelt er det òg vanskeleg å seie noko om namnebyte er lurt eller ikkje. Det avheng av strategi, konkurransesituasjon og liknande. Nokre gonger kan slike byte virke meiningslause frå utsida, fordi ein ikkje kjenner planar og strategiar, fortel han.

Neste artikkel

Sauebonde: – Redd jaktstopp får dramatiske konsekvenser