Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sogn og Fjordane er store på innmarksbeite og grasproduksjon

I Sogn og Fjordane blir 98 prosent av jordbruksareala brukte til enten innmarksbeite eller grasproduksjon, og gir grunnlag for eit jordbruk med stor husdyrproduksjon, syner arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Til gras: I Sogn og Fjordane blir 98 prosent av jordbruksareala brukte til enten innmarksbeite eller grasproduksjon. Foto: Kari Hamre / NPK

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532.500 dekar og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg. Mykje av jordbruksarealet i Sogn og Fjordane er fulldyrka jord som er godt eigna til åkervekstar og eng. Fylket har og mykje innmarksbeite.

Les også: Overvåker bondens eng med elektromagnetisk stråling og drone.

Det er kultivert areal, veleigna til beite, men jorda kan ikkje haustast maskinelt, heiter det på heimesidene til Landbruks- og matdepartementet.

Jordbruket i Sogn og Fjordane har òg lang tradisjon for mjølkeproduksjon. Trass i over 40 prosent nedgang i talet på mjølkebønder dei siste tiåra, og at talet på mjølkekyr er redusert med nesten 20 prosent, viser det seg at mjølkeproduksjonen held seg ganske stabil mellom 100–106 millionar liter.

Annonse

I tillegg er Sogn og Fjordane blant dei fire største bærfylka i landet, og har hatt ei stor utvikling dei siste 15 åra. No har Sogn og Fjordane to tredelar av bringebærproduksjonen i Noreg. Bærprodusentane i fylket har satsa på å byggje opp merkevarer knytt til dei ulike bærproduksjonane.

Fylket har òg mykje areal per innbyggjar. Likevel er det ofte stort press på å bruke matjord til andre føremål når nye vegar skal førast fram og næringsareal leggjast til rette. Dei beste jordbruksareala i fylket ligg der det bur folk. Typiske døme er Førde, Nordfjordeid, Stryn og Lærdal.

Neste artikkel

Noen oppklaringer om Nettverk for GMO-fri mat og fôr