Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogen veks mystisk fort

Det blir meir skog i Noreg, viser Landsskogtakseringa, men meir mystisk er det at trea no veks så fort at forskarane strevar med å forklare det.

Gammal skog, som denne i Andebu i Vestfold, veks saktare enn yngre planta skog, men har rikare artsmangfald, lagrar meir karbon og gir dessutan betre kvalitet på tømmeret, ifølgje Naturvernforbundet. Foto: K.A. Gallis (CC BY-SA 2.5)

Produksjonsevna i skogen målt etter høgdeveksten var over 40 prosent høgare i perioden 2009 til 2014 enn i åra før, viser ein studie som forskarar ved Norsk institutt for bioforsking (Nibio) har gjort i Vestfold.

Skogen i Noreg

Volum trevirke: 942 millio-nar kubikkmeter, nær 50 millionar meir enn for fem år sidan. Skog over 37,7 prosent av landarealet.

Årleg tilvekst: 25,5 millionar kubikkmeter

Årleg hogst: Rundt 10 millionar kubikkmeter

Produktiv skog: 71 prosent av skogarealet.

Gammal skog: 7 prosent, nær ei dobling sidan 2000. Innslaget av dødt trevirke har auka med 30 prosent dei siste tjue åra og utgjer no rundt 100 millionar kubikkmeter.

Verna skogareal: 4,5 prosent

Kjelde: Landsskogtakseringa, Nibio

Studien stadfestar tendensar forskarane har sett i landsdekkjande studiar og andre stader i Norden, sjølv om utslaga varierer ein del.

Klør seg i hovudet

Vekstauken i Vestfold er òg mykje større enn det forskarane har lagt til grunn i ekspertutgreiinga Klimakur 2020 og andre rapportar, så høg at dei førebels klør seg litt i hovudet og lurer på korleis dette kan ha seg.

– Ja, vi gjer det enno. Men det er nokre faktorar som er heilt openberre, slik som meir nedbør, lengre vekstsesong og høgare temperaturar, særleg på ettersommaren. Men det forklarer ikkje alt, seier seniorforskar Harald Kvaalen ved Norsk institutt for bioforsking (Nibio), ein av forskarane bak studien i Vestfold.

• Les meir: Debatt: Doblet innsats for skogvernet

Det som er sikkert, meiner Kvaalen, er at klimaeffekten kan vere stor. Klimareknestykka for skogen må setjast opp på nytt.

– Den auka produksjonsevna gjer at skogen kan lagre temmeleg mykje meir karbon enn det vi har gått ut frå til no. Men vi må gjere ein ordentleg reknejobb for å kunne seie eksakt kor mykje, seier Kvaalen.

Karbonlagera i det boreale barskogbeltet, mellom anna den norske barskogen, er av dei største i verda. Når desse lagera breier seg over større areal og veks med auka fart, får det konsekvensar for klimarekneskapen, balansen mellom CO2-utslepp og karbonopptak i naturen.

Skeptisk til klimaeffekten

Gjermund Andersen, leiar i skogutvalet i Naturvernforbundet, er ikkje overraska over at veksten aukar, men er slett ikkje sikker på at dette betyr auka karbonbinding i skogen.

– Større produksjon målt i kubikkmeter gir ikkje nødvendigvis større karbonbinding. Det er densiteten i det produserte tømmeret som avgjer kor mykje karbon som blir lagra, seier Andersen.

«Den auka produksjonsevna gjer at skogen kan lagre temmeleg mykje meir karbon enn det vi har gått ut frå til no.»

Harald Kvaalen, seniorforskar ved Norsk institutt for bioforsking (Nibio)
Annonse

Han forklarer at det er vårveden, dei lyse årringane, som det blir meir av når eit tre veks fortare, mens sommarveden, dei brune ringane, held seg meir konstante. Sommarveden er tettare og bind meir karbon.

– Viss dette er rekna ut på grunnlag av kubikkmeter, så kan det vere litt sånn keisarens ny klede, meiner han.

• Les også: Den norske skogen vokser som aldri før

Naturvernforbundet har lenge kjempa for ein overgang frå flatehogst til plukkhogst. Flatehogst og plantefelt gir ikkje berre dårlegare kvalitet på tømmeret, meiner dei, men går òg ut over det biologiske mangfaldet og ikkje minst karonlagringa under trea.

Karbonreknestykket må inkludere jordsmonn og undervegetasjon, slår Andersen fast.

– Det stemmer at grana bind mykje karbon, men nitti prosent av karbonet i skogen er lagra i bakken, i myrer og i jordsmonnet. Dessutan finst det karbon i undervegetasjon som produksjonsskogen fortrengjer, seier Andersen.

Rom for auka hogst

Kvaalen meiner derimot at ein raskare veksande skog heller kan opne nye moglegheiter for skognæringa.

– Viss vi utnyttar den auka produksjonsevna, kan vi styre tilveksten i produksjonsskogen oppover, auke verdiskapinga og ta ut meir trevirke. Det er fullt mogleg å gjere skogsdrift til ei større næring enn ho har vore, slår skogforskaren fast.

Neste artikkel

– Du bør bidra til verdiskaping der du bor og har skog