Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjømatnæringa meir uroa for Canada enn USA

EUs frihandelsavtale med Canada vil auke 
konkurransen for norsk sjømatnæring i EU-
marknaden meir enn den moglege handelsavtalen mellom EU og USA , meiner sjømatnæringa.

Norsk sjømatnæring er særleg uroa over den skjerpa konkurransen i EU-marknaden dersom USA får betre marknadstilgang for fisk i EU enn det Noreg har. Foto: NTB SCANPIX

Den transatlantiske frihandels- og investeringsavtalen (TTIP) som EU og USA forhandlar om kan gi norsk eksport auka konkurranse både i EU og USA.

Norsk sjømatnæring er særleg uroa over den skjerpa konkurransen i EU-marknaden dersom USA får betre marknadstilgang for fisk i EU enn det Noreg har.

Det sa fagsjef Kristin Alnes i Sjømat Norge under eit frukostseminar om TTIP og konsekvensar for Noreg i regi av advokatfirmaet Wikborg Rein og kommunikasjonsbyrået Kreab førre veke.

Alnes synte til at EU dei siste åra har forhandla fram vidtgåande og ambisiøse frihandelsavtalar med andre store sjømatland, som Sør-Korea, Chile og Canada. Slike avtalar svekkjer konkurransevilkåra for norsk sjømat i det som er sjømatnæringas største og viktigaste marknad.

– Det er i det uroa vår for TTIP ligg. For kvar av desse avtalane vert vår relative konkurranse på EU-marknaden svekkja, sa ho.

Les også: USA og Japan ett skritt nærmere Stillehavs-frihandel

Ho seier EUs frihandelsavtale med Canada isolert sett kjem til å få større betydning for norsk sjømatnæring enn den moglege avtalen mellom EU og USA.

Handelsavtale mellom EU og USA

Kan omfatte ein 
tredjedel av verds-
handelen. EU og USA står saman for nær halvparten av verdas BNP.

Kjem i utgangs-
punktet ikkje til å 
omfatte land utanfor EU eller USA.

Forhandlingane omfattar marknadstilgang som tollreduksjon, 
tenester, investeringar og innkjøp, og 
standardar og tekniske reguleringar.

– Produktspekteret til Canada er meir i konkurranseflata med produkta våre. Canada er mellom anna store på torsk og har potensielt ein svært stor torskebestand. Dei er også store på reker, der Noreg møter tollsatsar på 7,5 prosent og 10 prosent når tollfrikvotane er oppbrukte, seier ho.

Canada får nulltoll

Frihandelsavtalen mellom EU og Canada vil gi kanadisk fisk og sjømat tollfridom inn til EU. 96 prosent av tollinene får tollfridom frå dag ein, og resten skal fasast ut innan sju år, ifølgje den kanadiske regjeringa.

Alnes seier at Noreg på si side møter toll på 70 prosent av sjømateksporten til EU. Fisk og sjømat er som landbruksvarer ikkje omfatta av den frie vareflyten mellom Noreg og EU i EØS-avtalen.

«Produktspekteret til Canada er meir i konkurranseflata med produkta våre.»

Kristin Alnes, fagsjef i Sjømat Norge
Annonse

– Det er eit traume for norsk sjømatnæring, og det er det som påverkar oss av det som skjer elles i verda med frihandelsavtalar, seier ho.

95 prosent av all norsk sjømat går til eksport, og rundt halvparten av eksporten i kvantum går til EU. Eksporten til EU er størst av laks, sild og torsk.

Fryktar ikkje for laksen

Advokat Grunde Bruland, som leiar for kompetansegruppa for fiskeri og havbruk ved Wikborg Reins Bergen-kontor, er samd i at EUs avtale med Canada er meir alvorleg for norsk sjømatnæring enn kva TTIP er. Han grunngir det med at Canada produserer meir laks enn USA.

Stor grunn til uro for norsk lakseeksport, ser han likevel ikkje. Han syner til at norsk laks har ein solid posisjon internasjonalt.

– Det har vore auka etterspurnad frå EU på 10 prosent kvart år dei siste ti åra, seier han.

– Vi har i dag 2 prosent toll til USA på laks og det er ikkje slik at USAs produksjon er nokon kjempestor konkurrent til norske produsentar i EU-marknaden. Det er heller ikkje stor konkurranse mellom Noreg og EU-produsentar i USA, for tradisjonelt har det vore Chile som har forsynt den marknaden, seier han.

– Alt i alt er eg likevel samd i at ein avtale mellom EU og USA kan medverke til forverra konkurransesituasjon for norsk sjømat.

EU og USA møttest til ein niande forhandlingsrunde om TTIP i april. Forhandlingane omfattar marknadstilgang som tollreduksjon, tenester, investeringar og innkjøp, og standardar og tekniske reguleringar.

Lars Erik Nordgaard er næringsråd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel og følgjer forhandlingane tett. Han seier det er venta at EU og USA gir kvarandre full frihandel med fisk og sjømat i ein eventuell avtale.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale