Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Siv Jensen varslar grep for å få med fleire kvinner i Frp

Frp går fram, men slit med å få med kvinner. Nær dobbelt så mange menn som kvinner vil røyste Frp. No skal Siv Jensen ta tak.

Frp går fram 2,2 prosentpoeng til 16,9 prosent oppslutning og er partiet som aukar mest på novembermålinga Norfakta har gjennomført for Nationen og Klassekampen.

Trass i framgang totalt sett for Frp, er det likevel ingen grunn til å juble over kvinneoppslutninga. Medan partiet for eitt år sidan nærma seg like stor oppslutning blant begge kjønn, er det i dag nær dobbelt så mange menn som kvinner som vil røyste Frp.

Frp-leiar Siv Jensen ser alvorleg på saka og planlegg grep.- Kvinnelege veljarar utgjer halvparten av innbyggjarane og halvparten av alle veljarar, så dette tek eg på største alvor, seier ho.

Vil til botns i sakaValforskar Toril Aalberg ved NTNU ser ikkje vekk frå at det store fråfallet av kvinner skuldast at kvinnelege veljarar har hatt større problem med skandalane i Frp det siste året enn det mannlege veljarar har.

- Kjerneveljarane til Frp har tradisjonelt vore yngre menn i byane, og dei er dei mest trufaste mot partiet når det stormar som verst, seier ho.

Frp-leiar Siv Jensen vil ikkje spekulere i kvifor kvinnelege veljarar har forlate partiet i større grad enn menn, men seier Frp no er opptekne i å kome til botns i spørsmålet for å finne ut korleis oppslutninga og tillita til partiet skal aukast i heile befolkninga.

Vil ikkje diskutere partispelFyrst og fremst gler Jensen seg likevel over framgangen totalt sett.

Oppslutning mandater

Annonse

- Vi går fram på fleire målingar no, og det skuldast nok at vi er tydelege og har eit klart bodskap til veljarane. Vi greier å markere oss der regjeringa syner manglande handlekraft, seier ho.

Høgre går mest tilbake på novembermålinga og ligg no 4,3 prosentpoeng bak Ap i oppslutning. Dersom det var stortingsval i dag, hadde Frp og Høgre likevel berre trengt støtte frå Venstre eller KrF for å sikre fleirtal. Jensen seier tala peikar mot regjeringsskifte, men at ho ikkje vil bruke tid på spelet om regjeringsmakt.

- Eg skal bruke all tid på å diskutere kvifor Frp skal i regjering, og det er fordi dei gode sakene våre står i kø.

Jensen seier ho ser store utfordringar i Helse-Noreg og innan samferdslesektoren, og at ikkje minst justispolitikken treng å endrast. Ho trur særleg Frps justispolitikk kan appellere til kvinner.

Valforskar Toril Aalberg seier kvinner i større grad enn menn er opptekne av saker knytte til velferd, helse, utdanningspolitikk og eldrepolitikk og at Frp før har hatt godt grep om desse sakene.

- Når kvinner tidlegare har røysta Frp i større grad, handlar det om at partiet har vore meir av eit masseparti med brei appell, seier ho.

Neste artikkel

Ap og Sp må forholde seg til fakta