Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sau og kjøtoverskot

Graseter: Kraftfôra store lam er feil, meiner innsendaren. Foto: Hilde Lysengen Havro.

Det blir prata og skrivi i alle kanaler om overskotet av sauekjøt. Hans Bårdsgård har ein interessant vinkling i Nationen tysdag mellom anna.

Det er vel ikkje fjøsbyggjing åleine som er skuld i overskotet. Men når dei som byggjer nytt byggjer veldig stort, eller dei som fornyar fjøset sitt, aukar produksjonen for at det skal vera «lønsamt», forstår alle kor gale dette må gå. Heilt i tråd med dei regjerande sitt ønskje sjølvsagt, der stor og effektiv er bodskapen. Svelte ihjel mange for å «produsere mykje mat med kvalitet», som Goggen sa. Tek han i tillegg bort tilskot som er det nye våpenet hans, veit vi at det blir enda eit kutt i den gale enden.

Bårdsgård tek til orde for å vri tilskot frå større til mindre lammeslakt. Det er eg heilt enig i, det kjennes heilt meiningslaust slik det er denne hausten etter ein dårleg beitesommar, å fôre smålam med kraftfor for å få dei opp i rett klasse.

Annonse

Dale og co har også fått det til slik, at lam av gamalnorsk sau (villsau), som oftast ikkje får lammetilskot, fordi dei er små og ikkje går i O+. Kva er så kvalitet? Er det kjøt av kraftforkrevjande saueraser, eller av dei som kan greie seg heilt utan kraftfôr, nesten aldri er sjuke, og greier seg mykje betre både i lamminga og i naturen.

Men kjære Bårdsgård, når har Bonde- og Småbrukarlaget sagt at dei vil byggje som i 1975? Nemn laget med rett navn og siter dei rett. Men det vi vel meiner, er at ein skal byggje for dei ressursane bruket sitt har, og ikkje for å håpe på at naboen gjev opp.

Neste artikkel

Medisinering er ikke fraværsgrensens ansvar