Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rewilding

Langedrag: Ulv i innhegn. Foto: NTB scanpix

Thomas Cottis og miljøfraksjonane i Noreg trur at dersom me får mindre sau, og fredar rovdyra frelsar me jordkloden frå undergang. For oss som har andre meiningar er det viktig å få politikarar med på laget, og slik det ser ut er det ein del som følgjer med i den utviklinga som vel er.

Bernkonvensjonen paragraf 9 har markert at dersom rovvilt gjer skade på dyr og eigedom, bør rovdyr haldast i innhegn. På Langedrag er innhegnet vel 40 da og rommar eit revir av ulv. Det vil seia tispe og hann med kvalpar. Mange frå Nord-Østerdalen har vore innom og sett kor fint desse dyra har det. Her er de under fôring og tilsyn kvar dag, og er trygge for omverda med sine utfordringar.

Norsk ulveforvaltning er heilt på villa, og eg undrast på om dei har ein annan verson av Bernkonvensjonen enn eg, difor vil eg oppmoda kunnskapsministeren om å laga kurs i forståing av offentlege skriv. I Montana har ulven fått fritt leide over heile staten. Der har folk flytta bort frå landsbygda slik at folketalet har minka 50 prosent. I Noreg kjenner folk seg i eit rovviltproblem som utfordrar på same måten.

Annonse

Rewilding blir det kalla.

Neste artikkel

Gamble med tarmen? Nei takk!