Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Remas kyllingfabrikk vil bli dobbelt så stor på noen få år

Norsk Kylling, eid av Rema 1000, slakter 18 millioner kyllinger årlig. Nå satses 60 millioner på utvidelser og målet er å doble veksten på noen få år.

Norsk Kylling har klare vekstmål for framtida. De er på 20-25 prosent i marknaden per år.I den nyopna grillavdelinga i Norsk Kylling står administrerande direktør Frode Marthinsen og ser seg nøgd rundt. Kvar time blir det pakka 700 kilo ferdiggrilla kyllingvengjer her.

Saman med Marthinsen er kvalitetskoordinator Solfrid Bjørkøy, som byrja i Norsk Kylling for tre månader sidan.

Les også: Norsk Kylling tilbakekaller produkter

Etter fleire stengingar dei siste åra valde Norsk Kylling å byggje om og oppgradere heile avdelinga då det vart avdekt manglande prøvetaking av grillprodukt i ein internkontroll.

- Dei gamle maskinane tilfredsstilte ikkje krava lenger, så me valde å rive ut alt og byggje nytt, seier Marthinsen og Bjørkøy.

Vil ruste oppKvart år slaktar Norsk Kylling 18 millionar kyllingar og 500.000 kalkunar. Det gir ein årleg produksjon på 23.000 tonn kvitt kjøtt.

Selskapet har i dag 30 prosent av kyllingvolumet i den norske marknaden, og omsette for om lag ein milliard i 2012.

Kyllingbedrifta på Støren var opphavleg konfeksjonsfabrikk, og har vore bygd om og på 11 gongar sidan bedrifta vart etablert for 20 år sidan.

- Me er i ferd med å vekse ut av fabrikken, og er i dialog med eigarane våre for å finne ut kva me gjer vidare. Me rustar opp for 60 millionar i år, men me toler ikkje mange år til med den veksten me legg opp til, seier Marthinsen.

Vil bli bestHan har lagt på bordet ein treårsplan for å byggje organisasjon, produktutvikling og kompetanse, og bli «verdas beste kyllingbedrift».

- Målet vårt er å vekse mellom 20 og 25 prosent i marknaden kvart år dei neste tre til fire åra, seier Marthinsen.

Les også: Norsk Kylling vurderer å bygge slakteri i Akershus

Annonse

Hovudkundane er butikkane til eigaren Rema 1000, Bunnpris og nokre få, mindre kundar. Rema har sidan 2011 vore hovudaksjonær i Norsk Kylling, og vart i juni 2012 eineeigar i selskapet.

- Norsk Kylling har vore ei gründerbedrift. Hadde det ikkje vore for gründeren, hadde me ikkje vore her me er i dag, seier Marthinsen, som er raskt ute for å seia at dei er ferdige med fortida.

- Føresetnadene er annleis med Rema som eigar. Rema er ein solid eigar, marknadstilgangen er sikker, og det gir ei anna føreseielegheit.

Kvitt kjøtt er i vekst, Rema er i vekst, og saman gir det Noregs beste industrielle utgangspunkt, seier Marthinsen.

RyddegutMarthinsen vart tilsett som administrerande direktør i Norsk Kylling i oktober 2012. Sidan har han brukt mykje tid på å rydde opp i gamle saker. For lite utbetaling til bøndene og ulovlege arbeidskontraktar har vore på problemlista for bedrifta.

- Me blir aldri betre enn det svakaste leddet i verdikjeda. Eg opplever at forbrukarane, kundane og bøndene har høg tillit til Norsk Kylling, seier Marthinsen.

- Er alle skjeletta ut av skapet no?

- Dei er i alle fall avdekka.

Då Marthinsen byrja i Norsk Kylling, var ein tredel av dei tilsette faste. I dag er 80 prosent av 340 tilsette faste.

- Målsetninga vår er å ha fast bemanning. Kompetanseutvikling må drivast over tid. Fast jobb er også viktig for å få lån i banken. Vårt ynske er at folk vel å busetje seg her.

Les mer om Remas satsing på norsk Norsk Kylling og hvordan selskapet skal skaffe råvarer og vinne markedsandeler fra konkurrenter i eavisa til Nationen onsdag 17. juli 2013.

Neste artikkel

Gården er en suveren arena for læring og omsorg – bruk den!