Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Om å leva med ulv

Trugsmål: Ulven er eit trugsmål mot alle dyr i faunaen, skriv innsendaren. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Thomas Cottis frå Naturvernforbundet i Hedmark har invitert til ei meiningsutveksling om dette temaet i Nationen onsdag 26. juli. Han har sett opp punkter for at det skal vera ”sakleg” føring i det som leggjast fram.

1. Befolkningen i ulvesonen kan føle frykt: Ja det er vel naturleg at frykta er der, det er fryktleg å møta dyretragediar der ulven øydelegg og drep medskapningar. Serleg går dette inn på menneskjer som eig, og har stelt disse dyra. Det hjelper ingen ting kva miljøminister Vidar Helgesen presenterar av tiltak, - sorg og frustrasjon går lett over i sinne og hat.

2. Det går ikkje ann å beita med sau i ulveland: Nei, det er godt at folk i Naturvernforbundet kan forstå dette. Men det er langt fleire dyreslag som er offer for ulven; elg, hjort, rein, storfe og hestar er alle offerdyr for uven. Dette viste vår foreldre for mange hundre år sidan, og mange menneskjer gjekk med i kamp med rovdyr. Historia er lang og grufull. Dette løyste ut skottpremi på dei største rovdyra, og i 1848 vart det heilårsjakt på alle dei fire store. I første delen av 1900 var me rovdyrfri!

3. Storsamfunnet må opp å hjelpe med økonomiske tiltak for å gå over til annen produksjon: Dette blir ikkje ann enn eit avbøtingstiltak, og husdyreigarar ”kjøpast ut av verksemda si” Dette fortel at ulven er meir verd enn beitedyra!

Annonse

4. Ulven angriper laushundar: Dette har me sett under elgjakt og harejakt serleg. Hunden er ein artsfrende til ulven. Me har omkring 300 variantar av hundar her i landet. Kvifor skal me ha ulv?

5. Erstatning for nedgang i at det er mindre vilt å jakta på: Er det verkleg sant at naturvernarar ser slik på dette? Erstatningsoppgjøra til sau som eg kjenner godt er som trøysteskillingar. Aldri i nærleiken av fakta. Det er eit stortingsvedtak om full erstatning. Men erstatningssøknadane blir endra på grunn av påstandar som 1, avkorting - 2, mangelfull dokumentasjon, - 3, død av andre årsaker – 4, avkorting med at tapstalet er altfor stort – 5, avkorting på grunn av dårleg innsanking.

Ulven er eit trugsmål mot alle dyr i faunaen, derfor bør den utryddes. Skal noen ulver overleve må dei vera i innhegn.

Neste artikkel

Gamble med tarmen? Nei takk!