Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Økolog vil bruke rovdyr for å få bukt med villmink

Villminken er definert som ein stor trugsel mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Åtferdsøkolog Roy Magernes meiner vi må leggje til rette for at rovdyr får jakte mink.

Mink. Foto: wikimediacommons

– Vi må halde fram å jakte mink for å få bukt med problemet. Men det kan vere lurt å leggje til rette for naturens eigne mekanismar i tillegg, seier Mangersnes til NRK.

Villminken blei henta til Noreg som pelsdyr for nesten hundre år sidan. Mangersnes fortel at større rovdyr bidreg til å halde minken i sjakk i Nord-Amerika. Liknande effekt har vi enno ikkje sett i Noreg.

Annonse

Les mer: Myndighetene bekrefter siste kjente ulvehybrid i Sverige

Han meiner menneske ikkje bør blande seg for mykje inn i naturens eige arbeid og at jakt på rev, oter og ulv er uheldig.

– Vi jaktar mykje, og vi høgg skogen der hønsehauken og hubroen lever. Dette er fuglar som jaktar mink. Sånn sett kan ein seie at mennesket er ubalansen i naturen, seier han.

Neste artikkel

Stor ståhei for lite jorde