Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ø-merket – din garanti

Garanterer: Ø-merket til Debio viser forbrukaren at produktet er godkjend etter det gjeldande regelverket. Foto: Siri Juell Rasmussen

Jens Petter Homleid skriv eit debattinnlegg i Nationen 25. september der han stiller fleire spørsmål til oss i Debio. Desse svarer vi gjerne på, samtidig som vi også ser behov for å kome med nokre avklaringar knytt til organiseringa av Debio.

Debio si hovudoppgåve er merking av berekraftig og økologisk mat i Noreg. Ø-merket er Debio sin viktigaste eigedel, og det merket i Noreg som viser forbrukar at eit produkt er godkjend av Debio som uavhengig tredjepart, etter det regelverket som til ei kvar tid regulerer økologiske produksjonar. Regelverket og den juridisk beskyttelsen av ordet økologisk vert presentert i den norske forskrifta som implementerer EUs regelverk.

I Rådsforordning (EF) nr. 834/2007, artikkel 23, blir det gitt beskyttelse av ordet økologisk. Det er ikkje Debio som har oppnemnt dette, det er norske myndigheiter som implementerer og set det i kraft i Noreg. I resten av EU gjeld same beskyttelse av ord som til dømes «bio» og «eco», aleine eller i kombinasjon med andre ord. Dette skal sikre lik handsaming og likt rammeverk for alle som produserer økologisk mat innan EU og EØS.

Mattilsynet i Noreg har ansvaret for å førebu og gjennomføre regelverksprosessen, og hovudansvaret for tolking av regelverket. Debio er delegert oppdraget frå Mattilsynet med å kontrollere at økologisk produksjon er i samsvar med økologiforskrifta. Ei årleg sertifisering sikrar at ein produksjon skjer i samsvar med reglane, og gjer at forbrukaren kan vere trygg på at det som blir presentert som økologisk faktisk er det.

Debio har merka mat og utvikla økologien i Noreg i over 30 år. I dag er Debio organisert i to selskap: Debio og DebioInfo. Arbeidet med kontroll og sertifisering vert handtert i Debio, og DebioInfo har ansvar for Debio sine utviklingsprosjekt og kunnskapsformidling knytt til Debio sine merker. DebioInfo vart oppretta i 2015 som eit ideelt AS for å skape eit tydeleg skilje mellom Debio som sertifiseringsorgan, og organisasjonen sitt ønskje om å løfte fram og utvikle Debio sine verkeområde og merkeordningar. DebioInfo har eige kontor i Oslo.

Annonse

I DebioInfo har vi rettleiingstenesta Matvalget, som hjelper alle verksemder som ønskjer ei satsing på berekraftige måltid. Dette gjer vi mellom anna på oppdrag frå Foregangsfylkeprosjektet ØQ – Økologisk mat i storhushald, i samarbeid med aktørar som Nofima og NORSØK. Debio og DebioInfo samarbeider breitt innanfor våre fagområde, og prosjektet Landbrukets Økoløft er eit prosjekt der vi er aktivt med.

Debio er ein medlemsorganisasjon, med medlemmar som representerer verdikjeda frå fjord og jord til bord. Organisasjonar over heile landet, som ønskjer meir økologisk og berekraftig mat, kan bli medlem i Debio.

For fleire avklaringar knytt til Debio sine oppgåver og forvalting av økologiforskrifta, besøk gjerne vår heimeside eller ta kontakt.

Neste artikkel

WTO må ut av landbruket