Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny sjef på Ivar Aasen-tunet

Gaute Øvereng (41) er tilsett i den nyoppretta stillinga som dagleg leiar på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Øvereng har vore informasjonsleiar i Ivar Aasen-tunet sidan 2004, dei siste månadene også administrasjonssjef. Den nye daglege leiaren tar over etter Ottar Grepstad, som sidan 1999 har vore direktør for både Ivar Aasen-tunet og Nynorsk kultursentrum. Frå hausten skal Grepstad konsentrere seg meir om den samla verksemda til Nynorsk kultursentrum, som mellom anna omfattar Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. (©NPK)

Annonse

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg