Nortura ber bønder bremse bygging av sauefjøs

Sterk lagervekst og aukande overskot av lammekjøtt får Nortura til å be bønder bremse bygginga av nye sauefjøs. Lagra av lammekjøtt er dei største på ti år.

Sauevekst: Stor vekst i talet på sauer og lam, auka produksjon og kraftig vekst i lagra av lammekjøtt får Nortura til å åtvare mot overetablering av nye sauefjøs, noko som kan gi prispress for sauebønder. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Vekst for sauer og lam

Produksjonen av kjøtt frå sauer og lam kan bli 25.000 tonn neste år, ifølgje prognosen til marknadsregulator Nortura. Det er 600 tonn meir enn det venta behovet.

I tillegg er det venta å liggje 1200 tonn lammekjøtt på lager ved nyttår, opp over 900 tonn i løpet av året.

Pr 31. juli var det godt over 2,33 mill. sauer og lam, opp vel 86.000 frå same tid i fjor. Talet på sauebønder var 14.211, opp 90 frå same tid i fjor.

I fjor blei det utbetalt 60,6 mill. kr i investeringsstøtte til 167 sauefjøs, noko som skulle gi ein vekst på 13.845 sauer.

– Vi er bekymra. Auke i produksjonen, utflating i salet og ein sterk etableringsvilje over fleire år går ikkje i saman over tid. Det er derfor grunn til å vere forsiktig med utbyggingar. Vi ber bønder tenkje seg godt om. Vi må unngå overetablering på sau, seier direktør for totalmarknad kjøtt og egg i Nortura, Jakob Simonhjell.

Bønder risikerer priskutt

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

<br>

Digital

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
1 mnd til kun kroner 1,-

Helg+Digital

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag
1 mnd til kun kroner 1,-

Komplett

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem mandag til lørdag
1 mnd til kun kroner 1,-

Neste artikkel

Ingen har sluttet med sau etter fjoråret