Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Ein av mine største nedturar som sauebonde»

For få dagar sidan opplevde eg ein av mine største nedturar som sauebonde. Då mottok eg oppgjer for årets lam og slaktesau, skriv sauebonde Torbjørn Bruaset.

Låg pris: Overproduksjon av sau og lam har ført til svært låge prisar for kjøttet. Foto: Hilde Lysengen Havro

Heilt frå eg som sjuåring, i 1951, fekk min første sau av bestefar min, har eg hatt svært stor interesse for dette dyreslaget, som har betydd så mykje for overlevelse og busetning i utkant-Norge. På alle gardar, store som små, hadde dei sau.

Også på min vesle gard har sauehald gitt eit viktig bidrag både for meg og dei som var før meg. Og eg har heile tida forsøkt å bli betre på alt som har med denne driftsforma å gjere. Eg har opplevd mange oppturar med gode resultat, både når det gjeld avl og produksjon av slaktedyr.

Men eg har også opplevd nedturar med sjukdom, tap av gode dyr og problem på grunn av rovdyr.

Ein av mine største nedturar som sauebonde opplevde eg for få dagar sidan, då eg mottok oppgjer for årets lam og slaktesau. Rett nok fekk eg stjernetillegg for alle lamma også i år. Eg visste også at prisen hadde gått mykje ned, men at nedgangen for lam var ca. 15 kroner på to år, var langt meir eg hadde venta. Då reknar eg med både prisen på kjøtt og reduksjon i ulike tillegg.

Men det eg reagerte aller mest på var prisen for sau. Sauen som kom i klasse U vart betalt med 21 øre pr. kg! Eller 7 kroner og 96 øre for heile slaktet på 37,9 kilo. Ja, eg veit at det var mykje feitt, men også sauene utan feittrekk vart betalt med berre rundt 3 kroner per kilo.

• Les også: Går mot nytt kjempeoverskudd av lammekjøtt

På prislappen på eit spekekjøttlår i butikken såg eg her om dagen at det stod kroner 299 kroner per kilo.

Og det er eit paradoks at når eg kjøper ein sekk hundefôr på Felleskjøpet må eg betale rundt 400 kroner for 12 kg.

Under opprydding i ein del gamle gardspapir for kort tid sidan, kom eg over eit oppgjer frå slakteriet som eg fekk etter å ha levert sau og lam i oktober 1981. Altså for 36 år sidan.

Den overproduksjonen vi har fått kan ikkje forsvare så stor reduksjon i pris til produsent.

Annonse

Den gongen fekk eg kroner 32,80 for stjernelam, eller 6-7 kroner mindre enn i dag. Også i 1981 hadde eg ein sau som var alt for feit, den vart betalt med kroner 21,10 pr. kilo, mens normalfeit sau hadde ein pris på kroner 28,30 i 1981.

Det er sikkert mange årsaker til denne utviklinga. Eg trur at slakteria no utnyttar tilskotet for slaktelam til å senke prisen litt ekstra. Ved at dette tilskotet blir utbetalt saman med slakteoppgjeret blir det, sjølv om prisen er lav, ein bra slump med pengar som blir overført til produsenten.

Den overproduksjonen vi har fått kan ikkje forsvare så stor reduksjon i pris til produsent. Og den viktigaste årsaka både til overproduksjon og låge prisar er nok omlegging av landbrukspolitikken med sterk satsing på stordrift og fjerning av grenser for dyretal, areal og støtte til nye store fjøs.

• Kommentator Hilde Lysngen Havro spør Er sauebøndene Dales offerlam?

At faglag og interesseorganisasjonar i stor grad har støtta frisleppet vi har sett dei siste åra, har gjort at dei har lite truverd når dei no snakkar om kursendring. Også landbruksministeren vil kanskje få problem når han neste år skal forklare inntektsutviklinga for sauebøndene.

At oppvekst på eit vestlandsk småbruk med 50 sauer er bra tvilar eg ikkje på, det same er sikkert også eit fylkesmeisterskap i gjetarhund. Men kanskje ville ein jobb som kjøttskjerar passe best.

For vi treng dyktige folk i slakteria skal det bli verdiar av ei råvare som er verd berre 21 øre per kilo.

Neste artikkel

Eigedomsskatt på verk og bruk