Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stortingsplass for Bondelags-Bjørke

Tidlegare Bondelagsleiar Nils T. Bjørke frå Voss er på veg inn på Stortinget. Oppteljing av førehandsstemmer har gitt han eit utjamningsmandat.

Må pendle igjen: I 2014 gjekk Nils T. Bjørke av som leiar i Norges Bondelag. No ser det ut som om det blir pendling til Oslo igjen for Bjørke. Etter oppteljing av førehandsstemmer er han inne på utjamningsmandat. Foto: Janne Grete Aspen

Det er NRK Hordaland som melder om dramatikk nesten eit døgn etter at vallokala stengde.

Nestleiar i Venstre, Terje Breivik er no inne på direktemandat og ikkje utjamningsmandat. Utjamningsmandat vil derimot gjere at Nils T. Bjørke (Sp) kan slå følgje med Kjersti Toppe inn til Oslo.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe var listetopp for Hordaland Senterparti ved årets Stortingsval, Bjørke stod som nummer to på lista.

Les også: Desse var Sp-arane meiningsmålingane trudde kom til å få stortingsplass

Annonse

Terje Knutsen, valforskar ved Universitetet i Bergen, seier til distriktssendinga at Bjørke var inne fleire gonger i går kveld, men ute i dag, før han så i ettermiddag var attende på Stortinget.

Bjørke sjølv seier til distriktssendinga at han valnatta slo frå seg tanken om stortingsplass då det såg ut til at det var Venstre som fekk utjamningsmandatet.

Bjørke vart ved kommunevalet i 2015 valt inn i kommunestyret i Voss. Han stod i utgangspunktet på femteplass på lista, men personstemmer og slengarar fekk han opp på 4-plass og inn i kommunestyret. Bjørke vart også valt inn i fylkestinget i Hordaland.

Neste artikkel

KrF skal la folk utenfra evaluere dårlig valgresultat