Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir svensk alkoreklame

Publisert: 16.09.11 14:00

NYHETER • EU

Alkohol på tv: Noreg arbeider for å hindre at EUs tv-direktiv skal gi alkoholreklame på tv. I Sverige blir det stadig meir av alkoholreklame på tv, trass i at det er forbode. FOTO: SCANPIX

Den norske regjeringa arbeider no for å finne alternative løysingar som kan sette ein stoppar for alkoholreklame på norske tv-skjermar etter at det nyleg vart klart at Noreg ikkje får unntak frå EUs tv-direktiv.

Sverige, som også har totalforbod mot alkoholreklame på tv, har gjennom fleire år prøvd å hindre tv-sendt alkoholreklame. Likevel blir det stadig meir alkoholreklame på svensk tv. Mellom 2008 og 2010 auka omfanget av alkoholreklame på svensk tv med 94 prosent, ifølgje tal frå det svenske marknadsundersøkingsbyrået Sifo.

Byrået har rekna ut at svenske tv-selskap tente 366 millionar svenske kroner på å reklamere for alkohol i 2010.

- Vi kjenner oss makteslause. Det er fleirtal, både blant vanlege folk og blant politikarane for å oppretthalde forbodet mot alkoholreklame på tv, Likevel aukar omfanget, seier Sara Heine rådgjevar i den svenske fråhaldsorganisasjonen IOGT.

Sterke motkrefter

EUs-tv-direktiv skaper eit juridisk smotthol for alkoholreklame. Det opnar for at tv-kanalar som sender frå land der alkoholreklame er tillaten, kan sende alkoholreklame, sjølv om sendinga er retta mot eit land der slik reklame er ulovleg. Svenske TV3, som sender frå London, er blant tv-kanalane som no tener store penger på å sende alkoholreklame på svensk tv, trass i forbodet.

Då EU forhandla om tv-direktivet, gjekk Sverige inn for ein strengare praksis for alkoholreklame for heile EU-området.

- Sverige fekk ikkje gjennomslag. Problemet er at alle alkoholprodusentane, tv-selskapa og reklamebransjen motarbeider oss, fortel Heine.

Melde selskap

I mars i år melde svenske IOGT 32 selskap som har vore involvert i sending av alkoholreklame på svensk tv til det svenske forbrukarombodet. Målet er å få prøvd forbodet i rettssystemet. IOGT anmeldte både alkoholprodusentar, tv-selskap og svenske reklamebyrå som har vore med på å lage tv-reklamar for alkohol.

- Forbrukarombodet vurderer framleis om saka skal bli teken vidare, vi håpar han gjer det. Vi er særleg spent på om det går an å gjere noko med reklamebyråa. Vi meiner det må vere mogleg. Når svenske selskap som lagar svenskspråkleg reklame, retta mot eit svensk publikum, burde ein kunne gripe inn, seier Heine.

- I Noreg blir det no diskutert om det er mogleg å lage ein direkte avtale med Storbritannia slik at ein kan hindre at tv-selskap som retter seg spesielt mot nordmenn sender alkoholreklame. Har Sverige prøvd noko liknande?

- Det har gått fleire år no, utan at det har skjedd noko på den fronten. Inntrykket mitt er at Storbritannia ikkje ønskjer slike avtalar. Eg veit ikkje kvifor, men det kan hende det er fordi fleire britiske næringsaktørar tener penger på at utanlandske selskap sender frå Storbritannia, seier Heine.

Astrid Sverresdotter Dypvik

astrid.dypvik@nationen.no

Alkoholreklame

«Det er fleirtal, både blant vanlege folk og blant politikarane for å oppretthalde forbodet mot alkoholreklame på tv.»

sara heine, svenske iogt

Fakta

EUs tv-direktiv

Skal sikre at tv-sendingar i EU-området blir vidaresendt i uendra form.

Gjer at tv-kanalar som sender frå land der alkoholreklame er tillaten, kan reklamere for alkohol i sendingar retta mot norske sjåarar.

I august vart det klart at EU seier nei til at Noreg kan få unntak.

tv-direktivet