Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me må i størst mogleg grad unngå pløying

Meir naturnære driftsmåtar vil presse seg fram i åra framover. Anna val har me ikkje, skriv Dag Jørund Lønning.

Om livet i jorda: Professor Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling presenterte den nye boka "Jordboka" i oktober. Foto: Christel Bachmann Barbo / HLB

To forskarar frå Nibio, Hugh Riley og Audun Korsæth, er ikkje særleg nøgde med Nationen sine tre sider om Jordboka nyleg.

Eg skal byrja med å koma dei to i møte. Eg ville nok ikkje ha skrive at «pløyefritt landbruk skal redda planeten» om eg hadde fått skrive denne artikkelen sjølv. Det er ei overskrift som er laga for å selja. Men det eg derimot hadde forventa, var at Riley og Korsæth, og det spesielt når dei skuldar meg for «usystematisk henvisning til forskning», hadde teke seg bryet med å lesa kva eg faktisk har skrive om mekanisk jordarbeiding i Jordboka.

Det eg presenterer i denne boka er ein framveksande erfarings- og forskingsbasert kunnskap om korleis menneske og mikrolivet i molda kan spela betre på lag. Med meir økologisk bærekraft og større produktivitet som resultat.

På lanseringsseminaret for Jordboka fekk dei 400 deltakarane møta Paul og Elizabeth Kaiser frå Singing Frogs Farm i Nord-California. Frå si lokalisering i ein dalbotn med seks månader med vekselvis frost og regn på vinteren, og tilsvarande lang periode med tørke på sommaren, produserer dei grønsaker for 105.000 dollar per 4 mål (1 acre).

Dei pløyer ikkje, sprøytar ikkje, brukar berre kompost som jordekke, lukar ikkje ugras (det siste fordi dei ikkje får ugras). På eit småbruk på mindre enn 40 dekar har dei 7 personar i fullt arbeid.

Eigarane av denne garden, som har fått ei lang rekke prisar både for høg produktivitet og miljøvenleg drift, fortalde på seminaret om korleis dei konsekvent inviterer naturen inn i drifta. Det handlar om leggja til rette for nyttegjerande dyr, insekt og fuglar, om størst mogleg mangfald i produksjonen.

Om aktivt å bruka naturen sine eigne produktive og skadeførebuande krefter. Rett og slett om å kunna bruka mest mogleg av tida til inntektsgjevande arbeid, framfor nyttelaus kamp mot natur. Deira eiga erfaring var tydeleg: det vaks mykje betre der plogen ikkje hadde vore.

I Jordboka skriv eg at me i størst mogleg grad bør unngå å pløya. Plogen – ikkje minst ettersom den blir stadig større og meir «effektiv» – er eit veldig tydeleg symbol for eit landbruk som i aukande grad har blitt kamp mot natur. Ein kamp me aldri kan vinna.

LES OGSÅ: Når det kommer til ugraskamp, så har jordlivet og meitemarken betydelig verre fiender enn sprøytemidler, skriver Nationen-spaltist Øystein Heggdal.

Plogen vender grønt til svart, natur til «kultur», kaos til orden (sett med det moderne mennesket sitt kategoriserande blikk), men naturen brukar ikkje veldig lang tid på å tilbakeføra det grøne. «Ugras» kallar me dette grøne som då dukkar opp, og kampen mot ugraset har vore menneskeleg Sisyfos-arbeid i alle åra etter den neolittiske revolusjonen.

Dersom den viktigaste grunngjevinga for å pløya er kampen mot ugraset, må det vel uansett vera ein betre strategi å leggja til retta for å unngå ugras i utgangspunktet? Kunnskapen om korleis ein kan få naturen til å unngå å produsera ugras er i rask utvikling. I arbeidet med boka har eg møtt enkeltbønder og fagmiljø over heile verda som står i fronten i dette arbeidet.

Kunnskapen om korleis ein kan få naturen til å unngå å produsera ugras er i rask utvikling.

Annonse

Deira arbeid kan få stor betydning i åra som kjem. Ei vektlegging går igjen: Det handlar primært om å halda jorda dekka med grønt heile tida. Med nyttevekstar i staden for «ugras». Samtidig legg ein til rette for vedvarande fotosyntese og difor mat til livet i molda.

Riley og Korsæth hevdar – svært kategorisk – at mikrolivet i molda ikkje tar skade av pløying. Det er, mildt sagt, er ein kontroversiell påstand. Av dei nyskapande landbruksaktørar eg har møtt i arbeidet med Jordboka, er det ingen som støttar eit slikt syn. Også FAO åtvarar, både mot erosjonseffektar og negative effektar på moldlivet.

Ein stor kinesisk studie, som vart publiserte i fagjournalen Plos One i fjor, samanlikna effektane av konvensjonell pløying og pløyefritt/svært avgrensa jordarbeiding over tid. Konklusjonane deira er eintydige. Dei fann mellom 12 og 20 prosent meir mikrobiologisk liv i matjordlaget og opptil 30 prosent meir oppløyst organisk karbon på dei gardar som dreiv pløyefritt.

Ved The Land Institute i Kansas har dei sett pløying øvst på lista over aktivitetar ein bør unngå, både for klimavennleg drift og for å verna om den fruktbare molda og unngå ugras. Deira svar og forskingstema er eit landbruk basert på langt meir bruk av fleirårige vekstar, vekstar med djupe røter. Deira eige framavla fleirårige kveitegras Kernza er i ferd med å bli kjent over heile verda.

Eit anna leiande amerikansk forskingsmiljø for berekraftig landbruk er Rodale Institute. Det er lenge sidan dette instituttet konkluderte med plogen sine skadeverknader. Her har dei gjennom mange år arbeidd med utvikling av det pløyefrie og økologiske landbruket. Fleire og fleire tar deira teknikkar i bruk, (så Riley og Korsæth sin kategoriske påstand om at økologiske bønder er samstemte i si hylling av plogen stemmer definitivt ikkje).

Utprega bruk av dekkvekstar, som blir slått ned og brukt som «mulch» (jorddekke), med rikt mikroliv i matjordlaget som resultat, står sentralt. Rodale har også vore viktige pådrivarar i utviklinga av maskinar som gjer slike moldvenlege praksisar moglege på større areal.

I røynda veit me svært lite om livet i molda. Det tok 150 forskarar 20 år å utvikla EU sitt Soil Biology Atlas, eit atlas som meiner å ha skildra om lag éin prosent av livet i molda. Ein er langt frå å skildra éin prosent av dei intrikate samanhengane mellom dei ulike organismane.

I eit slikt perspektiv er kategoriske konklusjonar vanskelege å trekkja. Det me likevel byrjar å ana, er at universet under føtene våre er svært sårbart for måten me menneske behandlar molda på. Samspelet mellom det grøne plantedekket oppå molda og det utrulege universet av liv nede i molda har vore der i kanskje 3,8 milliardar år. Ifølgje FAO er nesten 40 prosent av verda si matjord øydelagd siste 40 år. Utarma jord er jord der livet er daudt.

Det er vanskeleg å finna sterkare prov på behovet for radikale endringar i måten me brukar molda på. Og difor er eg ganske overtydd om at meir naturnære driftsmåtar vil presse seg fram i åra framover. Anna val har me ikkje.

Neste artikkel

Statsministerens julekort