Fleire tiltak som skal redusere sjukdomstilfella på Vestlandet og i Midt-Noreg, er allereie på plass. Mellom anna er det oppretta ei eiga PD-sone frå Jæren til Nord-Trøndelag. Resten av kysten er dekt av to overvakingssoner.
Det er det òg innført forbod mot å ta levande laks ut av denne PD-sona og mot å frakte laks til slakt over Hustadvika på mørekysten. Transportforbodet gjeld ikkje setjefisk.
Mattilsynet har invitert næringa til å komme med innspel om detaljane i planen på eit møte i Bergen 26. oktober.
Les òg: Studie avdekker cyanid i fisken
Spørsmåla som no skal avklarast, er mellom anna kriterium for smitterisiko, reglar for bruk av open slaktemerd for smitta fisk, kriterium for flytting av fisk og kriterium for krav om vaksinasjon.
Les òg: SV-topp angriper lakseeiernes superprofitt
Pankreassjuke vart første gong påvist i Hordaland i 1989 og har seinare spreidd seg til heile Vestlandet. Etter 2010 har viruset spreidd seg nordover til Midt-Noreg med ein del spreidde tilfelle i Nord-Noreg.
Sjukdommen fører til at laksen sluttar å ete og kan vere dødeleg eller gi fisken varige skadar.