Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmerk: Ein utolmodig tiåring

Medan Matmerk feirar 10-års jubileet sitt, stoppar veksten av lokalmat opp.

Lokalmat-general: Administrerande direktør Nina Sundqvist feira Matmerks tiårsjubileum med fagdag i Oslo denne veka. Foto: Matmerk

No er det nok ikkje ein samanheng mellom alderen på Matmerk og vekstbremsen, men det er openbert at Matmerk sin jobb på langt nær er over.

Førehistoria til Matmerk er KSL – Kvalitetssystem i landbruket – som vart oppretta i 1994. Stiftelsen Matmerk vart stifta i desember 2006, og slått saman med KSL i 2007. Føremålet er å «styrke konkurranseevnen til norsk matproduksjon og skape preferanser for norsk mat». Til det får Matmerk 52 millionar kroner frå Landbruks- og matdepartementet inneverande år.

Matmerk administrerer merkeordningar som Nyt Norge, Beskytta geografisk nemning og merket «Spesialitet – Unik smak». Til saman har 80 produsentar fått merke 3500 produkt med Nyt Norge. 95 produsentar har spesialitetsmerket for 454 produkt. Matmerk har også delt ut 27 beskytta nemningar, mellom anna Rakfisk frå Valdres, Tørrfisk frå Lofoten og Fenalår frå Noreg. Dei to siste har no også fått beskytta nemning i EU. Talet på gjennomførte KSL-revisjonar er 54.568.

Ei vaktbikkje som passar på merkeordningane er definitivt viktig og nødvendig. I matbransjen generelt er det ein hang til å «jukse littegranne» med både innhaldet og presentasjonen av eit produkt. Når mindre produsentar skal slåst om merksemda med storindustrien, trengst eit stempel som gir forbrukarane ein garanti for opphav, råvarer og produksjonsmåte.

På dei ti åra Matmerk har eksistert har det nærmast skjedd ein revolusjon i Mat-Noreg. Norsk Gardsost, som organiserer norske handverksysteri og gardsmeieri, har over hundre aktive medlemer. I dag er norske ostar i verdsklasse, mellom anna takka vera spydspissar som Gangstad Ysteri i Nord-Trøndelag, Tingvollost i Møre og Romsdal og Avdem gardsysteri i Oppland.

Den store matindustrien, inkludert samvirkeselskapa Tine og Nortura, har ikkje har stått i front i utviklinga. Ikkje at selskapa skal det, men med etableringa av Kjøttcompagniet i Nortura, og Tine sine satsingar på Gamalost frå Vik og Chevre frå Haukeli, er det openbert at også dei store ser det kan liggje inntektsmoglegheiter i eit betre utval. Treigheita i samvirkesystemet kan kanskje sporast attende til Bondelagets manglande engasjement og støtte til satsinga på lokalmat i den spede byrjinga med Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, medan Norsk Bonde- og Småbrukarlag var mellom dei ivrige pådrivarane.

Og er det eigentleg noko verre å eta ei larve enn å eta låret av ein gris?

Oppsummert

Lokalmat

1 Dei siste åra har det vore ein stor vekst i sal av lokal mat og drikke i daglegvarebutikkane.

Flatar ut

2 Det siste året har derimot veksten flata ut. Analyseselskapet Nielsen har funne ein vekst på berre 0,6 prosent sist år.

Trendar

3 Om det er slik at lokalmattrenden byrjar dabbe av, er uvisst, men alle gode krefter må koma til botns i årsaka til vekstbremsen.

Annonse

Veksten i lokalmatsalet har vore formidabel dei siste åra, og lege langt over den generelle veksten i daglegvarebransjen. Nye salstal, som kom denne veka, syner at salet av lokal mat og drikke auka med berre 30 millionar frå i fjor til i år. Det gir ein vekst på 0,6 prosent, til 4,95 milliardar kroner, og er langt under veksten på 8,3 prosent året før.

Her er det mange spørsmål som på svarast på. Kva type varer ligg til dømes i utvalet Nielsen undersøkjer? Er det samsvar mellom desse varene og talet på varer kjedene sjølve legg i sitt lokalmatsortiment? Er årsakene til kraftig vekst tidlegare år satsing frå store aktørar som Tine og Nortura, eller eit utvida øl-sortiment i butikkane? Er det framleis proppar i systemet, til dømes på logistikk og distribusjon av varene frå gard til butikkhylle? Kvifor veksten tilsynelatande stoggar opp, må analyserast.

Alle bønder kan eller skal sjølvsagt ikkje byggje nytt ysteri på garden, skaffe seg fjellgrisar eller investere i skjere- og pakkeanlegg på låven. Men at nokon har gjort det, berikar både bonde, forbrukar og norsk mat i stort. Norsk matproduksjon blir meir mangfaldig, innovasjonstakten aukar, handverkstradisjonar blir tatt vare på samstundes som at norske lokale produkt blir brukt av urbane (og rurale) superkokkar inn i ein ny mattidsalder.

Så er sjølvsagt spørsmålet om me kjem til å eta heilt annan mat i framtida. På ein av Oslos nye mat-in-stader, Sentralen, arrangerte Matmerk sin årlege fagdag denne veka. Hovudtemaet var «Er norsk mat fremtidens mat»? Kva et me om ti år? Kanskje inneheld utstillarbordet på eit tilsvarande lokalmat-arrangement i 2027 ein norsk insekt-lokalmatprodusent. Insekt, larvar, brunsniglar og maur er ganske langt opp på lista over kva folk trur me kjem til å eta i framtida. Totalt blir rundt 2000 insektartar verda over rekna som mat.

Me kjem nok til å eta både kjøtt- og meieriprodukt i all overskodeleg framtid. Og er det eigentleg noko verre å eta ei larve enn å eta låret av ein gris, så lenge Matmerk kan stemple den med Nyt Norge?

Neste artikkel

Ikke nobelt med Hagen