Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lønning leiar kåringa om å bli Årets bygdeprofil

Dag Jørund Lønning leiar tevlinga om å bli Årets bygdeprofil 2015.

I teten: Dag Jørund Lønning, rektor og professor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling er den av kandidatane som så langt har fått flest røyster i kampen om å bli årets bygdeprofil 2015. Foto: Mariann Tvete

Siste veke vart dei seks finalistane presentert. Så langt, med fem dagar igjen å røyste, er det høgskulerektoren som leiar, framfor Therese Rudi og Liv Svalastog Skinnes.

Vidare følgjer Emilie Enger Mehl, Lars Petter Bartnes og sist popartisten Sondre Justad. Men det skil ikkje så mange titals røyster mellom kandidatane, så det er fullt mogleg å gjere om på lista fram til avstemminga blir stengt den 19. februar.

Her kan du stemme på din favoritt til tittelen "Årets bygdeprofil".

Vi minner om at det på nationen.no er mogleg å røyste ein gong i døgnet, på sms er det ingen tidsavgrensingar.

Opp gjennom åra har vinnaren nokre gonger peika seg tidleg ut, men det har også vore år der ein kandidat har lege tilsynelatande trygt i leiinga, men så har det komme andre kandidatar og gått nesten dei siste timane det har vore mogleg å røyste.

Her er det juryen skreiv då dei plukka ut nettopp desse fem til finaleheatet:

A: Lars Petter Bartnes

Gardbrukar frå Steinkjer i Nord-Trøndelag. Leier i Norges Bondelag sidan 2014 og har lang fartstid som tillitsvald i landbrukssamvirke.

Juryen seier: Kåra til den femte mektigaste i landbruket i Nationen og Bondebladets kåring i desember 2015. Synleg forhandlingsleiar i jordbruksoppgjeret.

B: Sondre Justad

Artist og låtskrivar frå Lofoten i Nordland. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet «Riv i hjartet», etter ei rekkje singlar med stor suksess.

Juryen seier: Artist med føtene solid planta i Lofoten. Han har tydeleg nordnorsk identitet og representerer bygdekulturen på ein flott måte.

C: Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning, fødd på Stord i Hordaland, rektor og professor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling.

Juryen seier: Kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og ein av få forskarar på lista over dei 100 mektigaste i norsk landbruk.

Annonse

D: Emilie Enger Mehl

Frå Åsnes i Hedmark. Vart kjent for det norske folk då ho i 2014 vann første sesong av NRKs realityserie «Anno». Politikar.

Juryen seier: Ung politikar, med fartstid frå Senterungdommen og Hedmark fylkesting (Sp). God representant for det unge og aktive Distrikts-Norge.

E: Therese Rudi

Odelsjente frå Ringebu i Oppland. Ho bloggar og deler gjerne om livet på garden i Ringebu og som produsentrådgivar for Q-bøndene.

Juryen seier: Har markert seg som eit friskt pust i landbruksdebatten. Vart som 22-åring vald inn i sentralstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

F: Live Svalastog Skinnes

Gardbrukar frå Krødsherad i Buskerud. Kjent bloggar, og fekk i fjor Bondelagets og Landkreditt banks Askeladdpris for etableringa av ny næringsverksemd på bygdene.

Juryen seier: Årets landbruksblogger i 2015. Skriv godt om viktige tema. Ho representerer det nye landbruket som ung bonde og gründer.

Tidlegare vinnarar

Dei seks nominerte er i godt selskap.

Lista over tidlegare vinnarar viser organisasjonsfolk, mediefolk og artistar, i tillegg til ein gründer, ei langrennsstjerne og ein jeger.

Merete Furuberg, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (2014). Yasmin Syed, programleiar NRK (2013). Oddgeir Bruaset, programleiar NRK (2012)

Therese Johaug, langrennsløpar (2011). Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, musikarar (2010). Dansekompaniet Frikar (2009). Kathrine Kleveland, leiar i Norges Bygdekvinnelag (2008). Alt for Rognankompaniet (2007). Gründer Mikkel Dobloug (2006). Ulvejeger Stine Iversen (2005). Spellemann Odd Nordstoga (2004)

Freistar

Fristen for å røyste går ut 19. februar, kven som har fått flest røyster og vinn kåringa blir offentleggjort 27. februar.

Neste artikkel

Nationen-redaktør årets meningsbærer