Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar er dyrevernarane?

Nordfjella: Obduksjon av villrein. Foto: NTB scanpix

Ja, det er det mange som spør om når det gjeld den planlagte villreinmassakren i Nordfjella. Heller ikkje det statlege mattilsynet som skal passe på dyrevelferden syner nokon vilje til å bry seg om dette problemet. Båe desse er elles raske til å ta fatt i mindre saker. Og bra er det. Me har t.d. gjennom media fått med oss at det kostar 10.000 kroner å ta livet av ei skjør, i felle. Nedslaktinga i Nordfjella vil få heilt andre dimensjonar når det gjeld dyrevelferd.

Med det tidsrommet og den framdriftsplan som er vedteke, vil dette svært truleg ende opp med dyremishandling i eit omfang me ikkje har sett før. Styresmaktene bør sjå på dette panikkvedtaket som er gjort, på eit svært usikkert grunnlag, ein gong til. Utan å la prestisjen råda.

Annonse

Lokal villreinforvalting har bede om at gjennomføringa vert utsett eitt år. Det ville i alle høve hjelpe noko med ein god jaktsesong til. Statleg løna folk kunne halda auga med reinflokkane gjennom året. Folk som forvaltar villreinen i praksis, ikkje berre frå eit skrivebord. Ved å fylgja flokkane over tid oppdagar ein fort om det er dyr som har avvik. Det kan vera vantrivnad, unormal åtferd, skader, sjukdom, o.a. Desse må då fellast og undersøkjast, slik at ein kan slå fast årsaker. Det vil kunne gje verdfull informasjon, og ta vare på dyrevelferden på ein skikkeleg måte. Dette bør dyrevernorganisasjonane ta tak i. Ikkje minst for eige omdøme.

Neste artikkel

Reetablering av villreinstammen i Nordfjella tidlegast i 2023