Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva slags gjødsel treng folkemusikken?

Men er det riktig at den einaste sjangeren som Noreg har eit særskilt ansvar å ta vare på, kjem dårlegare ut?

Mangfald: Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på norsk folkemusikk og folkedans, skriv Linda Dyrnes i FolkOrg. Foto: Thor Hauknes

5.-9. juli er det Landskappleik på Røros. Landskappleiken vart første gong arrangert i 1896, og er Noregsmeisterskap i dei eldste formene for folkemusikk og folkedans. Desse tevlingane har vore med på å halde folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Noreg levande, der dei ulike lokale variantane blir tatt vare på. Slik sett er vi heldige i Noreg. Men kva skal til for at vi framleis skal ha ein levande tradisjon og både profesjonelle og amatørutøvarar også om 20–30 år?

Folkemusikken og folkedansen i Noreg har blitt overført frå generasjon til neste i lange tider. Kunnskapen vart, og blir framleis, overført i familien, i laga og via læremeistrar. Gradvis vart overføringa i tillegg sett i system gjennom kurs, kulturskular og høgskular. Det har resultert i stadig fleire profesjonelle utøvarar, folkemusikarane først og no kjem folkedansarane etter. Samtidig har entusiastar etablert folkemusikkfestivalar og folkemusikklubbar.

Les også: Tolvhundre skal i elden på Landskappleiken

Alle desse aktørane er ein del av eit økosystem, der ein er avhengige av kvarandre. Dei er med på å halde vår del av mangfaldet innan immateriell kulturarv i live, slik Noreg har forplikta seg til gjennom UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. Det har gitt gode resultat, og norske folkemusikarar og folkedansarar er kjende internasjonalt for sitt høge nivå. Det har også gjort at det finst eit mangfald av variasjonar av folkemusikk- og folkedanstradisjonar rundt om i landet.

Det artsmangfaldet som finst i den norske folkemusikk- og folkedanstradisjonen, er det berre vi i Noreg som kan ta vare på. Like lite som vi tek vare på dei greske folkemusikktradisjonane, tek Hellas ansvar for dei norske. Men begge tradisjonane er viktige for verdas mangfald av musikktradisjonar. Dette gjer folkemusikken annleis enn andre musikksjangrar.

Sjangeren blir halden i live både gjennom spel- og danselaga, og av dei utøvarane som vel å ha dette som ein leveveg. Ein levande tradisjon utviklar seg heile tida og i ulike retningar. Nokon utviklar det tradisjonelle solospelet, andre lar seg inspirere av andre sjangrar og blandar det med tradisjonsmusikken. Men begge treng ein levande tradisjon i botn for kunne gjere det, og vi treng nokon som støttar opp om talenta slik at dei får utvikle seg.

Så på kva måte kan vi både ta vare på tradisjonen og støtte opp om dei profesjonelle utøvarane? Samanlikna med andre sjangrar er det ganske nyleg at vi har fått profesjonelle folkemusikarar og folkedansarar av eit visst omfang. Det finst minimalt med støtteapparat som management og agentar, og det er trong for langt fleire konsertarrangørar som viser fram sjangeren på gode scener. Trass i ein levande tradisjon er folkemusikkfeltet lite synleg i Noreg i dag.

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans arbeider for alle elementa i økosystemet. Både profesjonelle utøvarar, spel- og danselag, arrangørar og festivalar er medlem hos oss. Vi arrangerer Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk i samarbeid med laga våre. Vi arrangerer Folkelarm for å betre arbeidsmarknaden til dei profesjonelle utøvarane og heve kompetansen til dei og arrangørane. Og ikkje minst for å gjere norsk folkemusikk og folkedans meir kjende nasjonalt og internasjonalt. Vi samarbeider med aktørar innan eigen sjanger, og med andre sjangrar.

I Noreg i dag har vi to regionale folkemusikksenter med statleg driftstilskot; Folkemusikk Nord i Målselv og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans i Steinkjer. Til saman dekker dei seks nordlegaste fylka. Dessutan har Førdefestivalen, som knutepunktfestival, hatt nokre av dei same funksjonane.

«Er det rett at det er berre i halve Noreg at vi skal ha senter som skal styrke folkemusikken og folkedansen?»

Annonse

Desse sentera er produsentar, dei legg turnear, dei får fram talent, dei utviklar og gir kompetanseheving til arrangørane. Det gjer dei dels aleine, dels i samarbeid med andre sjangrar og med dei frivillige miljøa. Dette er noko av det vi treng, og vi treng at det ligg der det er eit folkemusikkmiljø og ikkje i dei store byane. Men no er signala frå Kulturrådet at det ikkje skal etablerast fleire folkemusikksenter. Dei vil lage sjangerfrie senter i dei store byane.

Dei to folkemusikksentera har ein halv million i statstilskot kvar. Til samanlikning finst det fem regionale jazzsenter som har mellom to og tre millionar kvar. Vi unner jazzen kvart senter og kvar krone av heile vårt hjarte, og det er småpengar samanlikna med dei store kulturinstitusjonane med fast tilsette kunstnarar.

Men er det riktig at den einaste sjangeren som Noreg har eit særskilt ansvar å ta vare på, kjem dårlegare ut? Er det rett at det er berre i halve Noreg at vi skal ha senter som skal styrke folkemusikken og folkedansen? I Telemark har dei etablert eit folkemusikksenter som kan gjere ein tilsvarande jobb i den regionen, men dei har ikkje fått tilskot frå Kulturrådet.

Dei regionale jazzsentera har gjort ein viktig og god jobb i mange år, og folkemusikksentera har lært mykje av den erfaringa. Det er fleire arbeidsmåtar ein kan overføre til folkemusikken, og det er andre ting som må gjerast annleis i vår sjanger.

Då dei to regionale folkemusikksentera fekk statstilskot i 2014, skreiv familie- og kulturkomiteen på Stortinget:

«Komiteen viser til at Norge er alene om å ha ansvar for den norske folkemusikken og folkedansen, og Norge har ratifisert UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. Det er derfor viktig at også folkemusikken og folkedansen får regionale senter på lik linje med andre musikksjangrer. Komiteen viser til at et tilskudd til regionale folkemusikksenter vil styrke arrangørene i regionene, gi effektive turneer, flere oppdrag for musikerne og opplevelser til folk i hele landet. En slik satsing vil gi musikk av høy kunstnerisk kvalitet tilgjengelig for flere, og lokal og regional finansiering er allerede på plass.»

Det viser politikarar som har skjønt problemstillinga. Vi håpar at dei følgjer opp det arbeidet dei starta, og aukar tilskota til dei sentera som allereie finst og gir støtte til nye initiativ til regionale folkemusikksenter slik at dei kan dekke alle regionar. På den måten kan vi framleis ha eit artsmangfald av folkemusikk og folkedans i Noreg.

Neste artikkel

Den nødvendige debatten