Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimaendringar bra for brune kattugler

Mildare vintrar gjer at dei brunfarga kattuglane klarar seg betre.

Kattugla finst i to variantar: dei med flest brune fjør og dei med flest grå.

Fargen er arveleg, og grå fjør-gen er dei dominante.

Dermed burde det vere fleire grå enn brune ugler - men det motsette er i ferd med å bli tilfellet i Finland.

Forskarane frå universitetet i Helsinki, som har brukt data samla inn av amatørornitologar dei siste 30 åra, viser at delen brune ugler har gått frå å vere på om lag 30 prosent i 1978, til halvparten i finske skogar i dag.

Resultata vart publisert i Nature Communications i slutten av februar og omtalt hos Forskning.no.

At den grå fjørfargen er dominant, betyr at ugler som har foreldre med ulik farge har størst sannsynlegdom for å bli grå. Dermed burde naturen favorisere ein større populasjon av grå ugler, og slik var det også lenge.

Annonse

Forskarane, styrt av Patrik Karell ved universitetet i Helsinki, meiner snuoperasjonen kjem av mildare vintrar. Dei fann nemleg ut at dei brune uglene hadde større sjanse for å døy dersom vinteren var hard. Brune ugler slit altså meir med å takle kulda og snøen enn dei grå.

LES OGSÅ: Forskere forbløffet over smarte sauer

Forskarane trur dette kan kome av at brune fjør viser betre mot snøen enn grå. Om det er tilfellet, har brune ugler større sjanse for å bli tekne av rovdyr.

LES OGSÅ: Nyttig forsking på isbjørnmjølk

Det har generelt sett vore mindre snø om vintrane i Finland dei siste tiåra, og dermed har forbanninga til dei brune uglene blitt til ei velsigning, konkluderer finnane. (©NPK)

LES OGSÅ: Bill Gates til kamp mot matkrisen

Neste artikkel

Klima for kjøttdebatt