Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjære politikarar – eg ynskjer å kunne leva eit aktivt og sjølvstendig liv

Det er viktig for meg å kunne arbeide og bu der eg ønskjer, utan å måtte dobbeltsjekke at kommunen har råd til å ha meg som innbyggjar, skriv Ingrid Thunem.

Hjelp i kvardagen: Hjelpemiddel er viktig for at vi kan leva aktive og sjølvstendige liv, skriv innsendaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Dei neste vekene skal statsbudsjettet avgjerast, og stortingspolitikarane er i posisjon til å avgjera min og andre ungdomars rett til eit aktivt og sjølvstendig liv. I statsbudsjettet har regjeringa foreslått å overføre meir hjelpemiddelansvar til kommunane. Eg arbeider i Noregs Handikapforbunds Ungdom (NHFU). I tillegg har eg sjølv ein funksjonsnedsettelse. Eg og dei andre i ungdomsorganisasjonen er særs bekymra.

Noreg har i dag verdas beste hjelpemiddelformidling. Gjennom folketrygda er me sikra å få rett hjelpemiddel til rett tid. Dette gjer at eg og andre ungdomar med nedsett funksjonsevne er trygge på å få dei hjelpemidla vi treng til utdanning, arbeid, bustad og daglegliv.

Me i NHFU meiner at alle skal få dei hjelpemidla dei treng og har rett på uavhengig av kvar dei bur. Gjennom ordninga med statleg finansiering er ein sikra at kommuneøkonomien ikkje avgjer moglegheitene du har til å få naudsynte hjelpemiddel.

Eg har sjølv vakse opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, ein fantastisk kommune som eg veit tar godt vare på innbyggjarane sine. Om eg skulle flytte tilbake er det viktig for meg å vite at mitt behov for dyre hjelpemiddel som trappeheis og kjøkkenskap ikkje skal gå utover kommuneøkonomien.

Eg arbeider i dag 60 prosent stilling og er heilt avhengig av hjelpemiddel for å kunne gjere arbeidet mitt. Hjelpemiddelsentralen fekk raskt installert heis inn til leilegheita mi og tilpassa arbeidsplassen på jobb. På den måten kunne eg raskt komme i arbeid, utan at økonomi var eit spørsmål. Det er viktig for meg å kunne arbeide og bu der eg ønskjer, utan å måtte dobbeltsjekke at kommunen har råd til å ha meg som innbyggjar.

Om eg skulle flytte tilbake er det viktig for meg å vite at mitt behov for dyre hjelpemiddel som trappeheis og kjøkkenskap ikkje skal gå utover kommuneøkonomien.

Annonse

Hjelpemidla er viktige for at vi kan leva aktive og sjølvstendige liv. Det er spesialtilpassa utstyr som gjer det mogleg å utføre kvardagslege ting og delta. Ei krykke eller ein trappeheis kan vere naudsynt for å komme seg rundt og heilt avgjerande for å kunne ta utdanning, jobbe og delta i familie- og samfunnslivet.

Dette gjer at vi kan leve aktive liv, bidra og betale skatt som alle andre borgarar. Vi i Norges Handikapforbunds Ungdom både kan og vil bidra.

Vi som er unge har rett på ei framtid kor vi kan vere aktive og delta – på lik linje med andre i samfunnet! Ikkje prøv å fikse noko som fungerer. Stopp overføringa av hjelpemiddel til kommunane!

Neste artikkel

Sel lammekjøtet!