Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan bli to stortingsbenkar trass i fylkessamanslåing

Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman frå 2020. Men grunnlova gjer til at ein truleg må halde val etter dei gamle grensene fram til 2025.

Professor og valekspert Bernt Aardal sit i vallovutvalet som er utnemnt av Regjeringa. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det er nemleg nedfelt i Grunnlova at Noreg skal ha 19 valdistrikt. Skal Grunnlova endrast må det handsamast i to ulike storting, skriv NRK.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på vallova. Dei skal vere ferdige med arbeidet sitt i 2019. Dermed kan det tidlegast bli felles stortingsval i 2025.

Annonse

– Vi veit framleis ikkje kva som blir resultatet. Det er slett ikkje sikkert at valdistrikta vil følgje dei nye regionane. Kanskje held vi på dei gamle valdistrikta. Det veit vi ikkje no, seier professor og valekspert Bernt Aardal, som og sit i vallovutvalet, til NRK.

Neste artikkel

Erling Kjekstad: Partiet som leter etter seg selv