Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hordaland er størst i landet på frukt

Rundt ein tredel av all norsk konsumfrukt kjem frå Hordaland.

Hordaland er fylket i Noreg som er størst på frukt. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen

Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei sak på heimesidene til regjeringa.

Fire prosent, eller 520.000 dekar, av landarealet i Hordaland er jordbruksareal. Om lag 60 prosent av den dyrka jorda i drift i Hordaland blir brukt til gras, altså grovfôrproduksjon. Nær 40 prosent blir brukt til innmarksbeite, medan berre to prosent av arealet blir brukte til fruktproduksjon. Landbruksdirektøren i Hordaland peikar på at framtidstrua er stor i fruktområda. Nye produkt som sider og saft, har bidratt til å styrke inntektsgrunnlaget.

Annonse

Hordaland har òg mest lokalforedla geitemjølk i Noreg, framfor store geitefylke som Oppland og Sogn og Fjordane.

Neste artikkel

Bygde landets største sauehus etter omstridd tilskotsendring