Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre vil redusere skatt for bedriftseigarar

Under dei raudgrøne har staten sine inntekter for skatt på arbeidande kapital vorte dobla, seier Høgre. Partiet får støtte frå Sp, men motbør frå Ap.

Ifølgje Høgre har staten sine inntekter frå skatt på arbeidande kapital vorte dobla sidan dei raudgrøne kom til makta.

- Frå 2006 til 2011 har skatteinntektene frå denne delen av formuesskatten auka frå 3,4 til 6,7 milliardar. Dette legg ei ekstra byrde på norske bedrifter, seier finanspolitisk talsmann for Høgre, Jan Tore Sanner.

Han har ikkje tru på at regjeringa kjem til å endre skattepolitikken. Det kan tyde at skatteinngangen for budsjettet for 2012 blir auka.

- Seinast i evalueringa av skattereforma i vår, sa finansminister Sigbjørn Johnsen at saka er lagt daud, seier Sanner.

Urettferdig skatt

I Haugesunds Avis i går fortalde Jackob Hatteland i Hatteland-gruppa om at han i fjor måtte ta utbytte på 18 millionar for å betale formuesskatt, sjølv om selskapet hadde driftsunderskot på 4,8 millionar.

- Når bedrifter som går i underskot må betale formuesskatt, syner det kor urettvis denne skatten råkar. Regjeringa straffar private arbeidsplassar, seier Sanner, som kallar regjeringa sin skattepolitikk for treffsikker om målet med politikken er å øydeleggje for næringslivet.

Torgeir Micalsen, som leiar Stortingets Finanskomite for Ap, seier det er vanskeleg å kommentere tala frå Høgre.

- Eit av dei store problema med såkalla arbeidande kapital er å definere kva det er. Difor er det vanskeleg å gå god for tala, seier Micaelsen, og gjev eit døme.

- Er pengar eg har i banken og lånar ut til næringslivet arbeidande kapital, eller ikkje? Ei omfattande tilsetjing av nye byråkratar måtte til for å praktisere desse reglane, seier Micaelsen.

Finanspolitisk talsmann for Sp, Per Olaf Lundteigen, er langt på veg samd med Høgre i denne skattesaka.

- Sp sitt skatteprinsipp for privatpersonar er skatt etter evne. Formuesskatten råkar meir rett-vist enn eigedomsskatten. Difor bør ikkje heile formuesskatten vekk, seier Lundteigen.

- Blir rekna ut på grunnlag av verdiane bedriftseigarane har investert i selskapet.

Annonse

Støtte frå Sp

- Men i dag betalar ei rekkje personar formuesskatt utan å ha arbeidsfrie inntekter av formuen, tvert om. Sp vil fjerne formuesskatten for avskrivbare driftsmidlar for sjølvstendig næringsdrivande. Dette har me i regjering ikkje fått gehøyr for, seier Lundteigen.

Micaelsen seier regjeringa har gjort mykje for å lette byrda på næringslivet.

- Me har auka botnfrådraga slik at fleire hundre tusen slepp formuesskatt. Revisjonsplikta for dei minste bedriftene er fjerna, noko som gjev 1-2 milliardar i sparte inntekter for næringslivet, og krav til aksjekapital er redusert frå 100.000 til 30.000. Alle desse tiltaka er betre og meir målretta enn å fjerne delar av formuesskatten, seier Micaelsen.

Ikkje optimal skatt

Micaelsen erkjenner at formueskatten ikkje fungerer optimalt når Hatteland måtte ta ut utbytte for å betale formuesskatt.

- Formuesskatten har veikskapar som alle skattar har. Men me har fjerna smutthola i skattesystemet, som førde til at mange betalte null i skatt med det gamle systemet, seier Micaelsen.

Eit samla næringsliv står saman mot skatt på såkalla arbeidande kapital. Direktør i avdeling for næringspolitikk i Norges Skogeierforbund, Ellen Alfsen, seier ho ikkje har tru på at det kjem endringar i statens skatteleggjing i budsjettet for 2012.

- Nei, signala me har fått tyder ikkje på at regjeringa endrar politikken til det betre, seier Alfsen.

Ho seier det er varierande i kor stor grad raudgrøne politikarar lyttar til næringslivet, og seier milliardane næringslivet betaler i skatt på arbeidande kapital kunne vorte nytta til å vidareutvikle og investere i føretaka.

- Det er alltid behov for kapital som vil gje ytterlegare verdiskaping, seier Alfsen.

Neste artikkel

– EØS-avtalen er det beste vi har for å beskytte oss når Trump går til full handelskrig