Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stem på Årets bygdeprofil

Lista er klar. Her er finalelaget til kåringa av Årets bygdeprofil 2015. Stem på den du meiner fortener tittelen.

Kandidatene tilfeldig rekkefølge: D: Emilie Enger Mehl, E: Therese Rudi, A: Lars Petter Bartnes, C: Dag Jørund Lønning, B: Sondre Justad, F: Live Svalastog Skinnes

I kriteria for kåringa står det mellom anna at aktuelle kandidatar skal ha profilert Bygde-Noreg på ein aktiv og positiv måte. Det står også at den nominerte, ho eller han, er kjent ut over eige lokalmiljø, utan at dei må vere nasjonale kjendisar.

Sjå takketalen til fjorårsvinnar Merete Furuberg.

Juryen, Nationens leiargruppe, har komme fram til følgjande finaleheat, med kandidatane presentert i alfabetisk rekkje. A: Lars Petter Bartnes, B: Sondre Justad. C: Dag Jørund Lønning. D: Emilie Enger Mehl E: Therese Rudi F: Live Svalastog Skinnes.

Røystinga

Du kan røyste på kandidaten din på to måtar.

Send ein SMS med ordet BYGDE og føy til kandidatens bokstav, til dømes BYGDEA, BYGDEB, osv. til 2470

Meldinga kostar fem kroner, og du kan røyste så ofte du vil.

Blant dei som røystar med sms blir det trekt ut tre vinnarar som får eit gåvekort på høvesvis 1200 kroner, 800 og 500 kroner.

Eller du kan røyste via avstemminga nedanfor.

Det er mogleg å røyste ein gong per dag.

Kandidatane:

Her er ein kort presentasjon av kandidatane, og litt av juryens grunngjeving for kvifor nettopp desse seks fortener ein plass i finaleheatet.

A: Lars Petter Bartnes

Gardbrukar frå Steinkjer i Nord-Trøndelag. Leier i Norges Bondelag sidan 2014 og har lang fartstid som tillitsvald i landbrukssamvirke.

Juryen seier: Kåra til den femte mektigaste i landbruket i Nationen og Bondebladets kåring i desember 2015. Synleg forhandlingsleiar i jordbruksoppgjeret.

B: Sondre Justad

Artist og låtskrivar frå Lofoten i Nordland. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet «Riv i hjertet», etter ei rekkje singlar med stor suksess.

Annonse

Juryen seier: Artist med føtene solid planta i Lofoten. Han har tydeleg nordnorsk identitet og representerer bygdekulturen på ein flott måte.

C: Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning, fødd på Stord i Hordaland, rektor og professor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling.

Juryen seier: Kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og ein av få forskarar på lista over dei 100 mektigaste i norsk landbruk.

D: Emilie Enger Mehl

Vart kjent for det norske folk då ho i 2014 vann første sesong av NRKs realityserie «Anno». Politikar.

Juryen seier: Ung politikar, med fartstid frå Senterungdommen og Hedmark fylkesting (Sp). God representant for det unge og aktive Distrikts-Norge.

E: Therese Rudi

Odelsjente frå Ringebu i Oppland. Ho bloggar og deler gjerne om livet på garden i Ringebu og som produsentrådgivar for Q-bøndene.

Juryen seier: Har markert seg som eit friskt pust i landbruksdebatten. Vart som 22-åring vald inn i sentralstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

F: Live Svalastog Skinnes

Gardbrukar frå Krødsherad i Buskerud. Kjent bloggar, og fekk i fjor Bondelagets og Landkreditt banks Askeladdpris for etableringa av ny næringsverksemd på bygdene.

Juryen seier: Årets landbruksblogger i 2015. Skriv godt om viktige tema. Ho representerer det nye landbruket som ung bonde og gründer.

Tidlegare vinnarar

Dei seks nominerte er i godt selskap.

Lista over tidlegare vinnarar viser organisasjonsfolk, mediefolk og artistar, i tillegg til ein gründer, ei langrennsstjerne og ein jeger.

Merete Furuberg, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (2014). Yasmin Syed, programleiar NRK (2013). Oddgeir Bruaset, programleiar NRK (2012)

Therese Johaug, langrennsløpar (2011). Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, musikarar (2010). Dansekompaniet Frikar (2009). Kathrine Kleveland, leiar i Norges Bygdekvinnelag (2008). Alt for Rognankompaniet (2007). Gründer Mikkel Dobloug (2006). Ulvejeger Stine Iversen (2005). Spellemann Odd Nordstoga (2004)

Freistar

Fristen for å røyste går ut 19. februar, kven som har fått flest røyster og vinn kåringa blir offentleggjort 27. februar.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997