Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grønsaker skal smaksette svensk kylling

Økologiske gulrøter og grønkål er ingrediensane i eit nytt fôreksperiment for økologiske kyllingar i Sverige. Målet er å få fram ein ny smak på kyllingkjøtet og heve statusen til kylling på restaurantane.

Tusen økologiske kyllingar i Sverige er med i eit fôrekseperiment. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Vanlegvis et økologiske kyllingar raps, åkerbønner og erter. Kjøkkensjefane på restaurantane Långbro Värdshus og Den Gyldene Freden har derimot villa setje eit eige preg på kyllingkjøtet.

I samarbeid med verksemdene Kronfågel og Menigo går det derfor føre seg eit prosjekt der tusen kyllingar får eit fôr som er toppa med gulrøter og grønkål.

Annonse

– Det skal bli moro å sjå korleis smaken og teksturen på kjøtet har blitt påverka av det nye fôret. Dette kjem til å bli eit produkt som er heilt unikt i Sverige. Vi har håp om ein god kylling som blir ein snakkis på restaurantane rundt om i Sverige, seier Henrik Gustafsson, kjøkkensjef på Långbro Värdshus, i ein kommentar på nettstaden landlantbruk.se.

Neste artikkel

Nytt kjempestort melkebruk i Danmark slått konkurs