Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesleiar i Bondelaget oppmodar om å halde auge med naboen

Fylkesleiaren i Bondelaget i Sogn og Fjordane, Anders Felde, vil at folk skal bli flinkare til å ta kontakt dersom dei ser at ein bonde ikkje har det bra.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde oppmodar folk om å ta kontakt dersom dei ser at ein bonde ikkje har det bra. Foto: Svein Heggheim

Ein bonde frå Sunnfjord blei tidlegare denne veka mistenkt for grov vanskjøtsel av mellom 50 og 60 oksar etter at Mattilsynet hadde tilsyn på garden.

– Det er aldri kjekt å høyre om slike saker. I landbruket har både organisasjonane, samvirka og det offentlege jobba for å lage varslingssystem og rutinar som gjer at vi oppdagar slike ting før det kjem for langt, seier bondelagsleiar i Sogn og Fjordane Anders Felde til NRK.

Bondelaget veit at det kan vere ei utfordring å avdekkje vanskjøtsel tidsnok. Dei har difor lenge jobba med å oppfordre til nabovarsling i eit positivt perspektiv. Det vil seie at naboar skal bli flinkare til å ta kontakt med bonden det gjeld, dersom dei ser teikn på at ikkje alt er som det skal vere.

Annonse

– Det kan til dømes vere at ein ser at det ikkje minkar på rundballane, då kan ein ta kontakt. Det er det vi har jobba med så langt og så får vi sjå om vi skal vere endå meir aktive for å finne tiltak som gjer at vi unngår slike ting i framtida, for dette er ikkje bra for dyra, bonden eller norsk landbruk, seier Felde til NRK.

Neste artikkel

Bartnes om støtte til nye sauehus: – Får meiningslause konsekvensar