Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar latin-amerikansk import

Utanriksministrane fra Mercosur-landene møttes i Sao Paulo i Brasil forrige veke for å ekskludere Venezuela. Frå venstre Argentinas Jorge Faurie, Paraguays Eladio Loizaga, Brasils Aloysio Nunes, Sao Paulo-ordførar Joao Doria og Urugays utanriksminister Rodolfo Nin Novoa. Foto: Andre Penner / AP / NTB Scanpix

Etter 28 forhandlingsrunder skimtar EU mållinja der framme rundt juletider i forhandlingane med den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur. Ei handelsavtale EU-bøndene fryktar.

Heilt sidan 1999 har EU prøvd å få til ei handelsavtale med landbruksgigantane Brasil og Argentina, og resten av handelsblokka Mercosur: Paraguay, Uruguay og no suspenderte Venezuela. Like lenge har EU-bøndene kjempa imot. Bondelaga og -samvirka samla i Copa-Cogeca inviterte EU-parlamentarikarar på frukost før siste forhandlingsrunde for å åtvare mot konsekvensane av ei handelsavtale med Mercosur.

"Vi vil gjerne inngå nye handelsavtaler med til dømes Japan, men vi kan ikkje sjå at desse kompenserer for innrømmingane i ei potensiell Mercosur-avtale", sa generalsekretær Pekka Pesonen i Copa-Cogeca.

Handelsbalansen på landbrukssektoren har forverra seg for EU sidan forhandlingane starta. Eksporten frå EU til Mercosur har falle frå 36 mrd til 32 milliardar euro, medan importen inn har gått opp frå 32 mrd til 43 mrd euro. Handelen er no dobbelt så stor som mellom Mercosur og Nord-Amerika. Mercosur er største eksportør av landbruksvarer til EU. Nesten 80 prosent av storfeimporten til EU kjem frå Mercosur. Og nettopp finare stykningsdelar som filetar og entrecote av storfe er mellom produkta EU-bøndene fryktar mest.

Copa-Cogeca har rekna seg fram til at ein kvote på 300 000 tonn storfekjøt vil koste sektoren 9 mrd euro. – Uansett scenarier er europeiske produkt ikkje konkurransedyktige, konkluderer Copa-Cogeca. Kyllingsektoren er også utsett. Med ei kvote på 250 000 tonn har Copa-Cogeca rekna seg fram til at kostnaden blir rundt 2 mrd euro. Heller ikkje på mais er EU konkurransedyktig, med produksjonskostnader på rundt 120 euro/tonn mot 80 euro i Mercosur-landa.

Mercosur-bøndene på si side har store forventingar til forhandlingane. Den argentinske bondelagsleiaren Luis Miguel Echeverre sa på møte i World Farmers` Organisation tidlegare i år at "Vi importerer bilar frå Europa. Då må vi vel få eksportere landbruksprodukt dit?" Han fekk raskt svar frå sin amerikanske kollega at mat er faktisk noko anna og viktigare enn bilar.

"Også her heime kan bøndene bli brikker i eit spel for å oppnå betre marknadstilgang for andre næringar."

Annonse

Det blir ingen Mercosur-avtale om ein ikkje blir samde om landbruk: "Eg kan ikkje seie eg er ferdig og samtidig ikkje vite korleis marknadstilgangen på storfe og etanol vil bli. Eg kan ikkje reise heim og seie at, jaja, det var synd for dykk", sa den brasilianske sjefsforhandlaren Ronaldo Costa Filho i sommar.

Den argentinske presidenten Mauricio Macri sa tidlegare i år at EU har ein jobb å gjere med proteksjonistane i landbrukssektoren. Men EUs handelskommissær Cesilia Malmstrom vil ikkje ha på seg å vere proteksjonist. Ho peikar på at avtala er spesielt viktig no i desse tider med ”stemmer for proteksjonisme i andre deler av verda”.

For som når Noreg er ute i verda og forhandlar, er det pengar å tene for andre sektorar. Då risikerer sjølv elitespelarar på verdas landbrukslag å bli brukt som forhandlingskort for å få betre marknadstilgang inn på lukrative marknader for andre varer og tenester.

Også EFTA-landa Noreg, Sveits, Island og Lichtenstein har starta forhandlingar med Mercosur. Andre forhandlingsrunde er i slutten av august. Norske bønder er enno mindre konkurransedyktige på pris enn EU-bøndene. Eksempelvis er prisane på storfekjøt rundt tre gonger høgare i Noreg enn i Brasil. Også her heime kan bøndene bli brikker i eit spel for å oppnå betre marknadstilgang for andre næringar.

Vi får håpe norske politikarar resonnerer som EU-parlamentarikar Sofia Ribeiro: "Landbruket kan ikkje alltid vere den fattige slektningen i handelsavtaler, det svakaste leddet. Vi kan ikkje halde fram med å bruke denne viktige sektoren som eit forhandlingskort for andre sektorar."

Neste artikkel

Byr under halv pris for kjent vikinggård